Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Dag Helleve

Dag Helleve er fødd i 1951 på Voss.

Han debuterte i 1985 med romanen Brøyt.

Prisar:

Nynorsk barnelitteraturpris 1999

print

Fleire bøker frå Dag Helleve

Waterloo
kr 250,-
Ei reisebok, innover og tilbake, med Radio Luxembourg og Melodi Grand Prix som leietråd, tek oss med sørover i Europa. Dei tre forfattarane har skrive ei ny særeigen reisebok. Her møtte Napoleon sin lagnad. Og her måtte vi vår. På vår eigen indre marknad. På slagmarka der tonane frå Radiostasjonen gjekk sigrande ut. Stasjonen der vi steig på for aldri å vende tilbake. Tidlegare har forfattarane gitt ut country-reiseboka: Langs kvar ein veg, og den musikalsk-litterære reiseboka frå Irland: Vegen til Navan. Illustrert.
Vegen til Navan
kr 250,-
Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland, der forfattarane følgjer i Joyces fotefar i Dublin og dreg ut på vegane, til Doolin og Drumcliff - og til det mytiske Navan. Med smånoveller, dikt og songar, intervju, sitat og fotografi gir forfattarane sitt bilete av landet, med irsk øl til.
Svevet
kr 350,-
Boka er ein musikkroman og ein utviklingsroman, ei sivilisasjonshistorie om kvifor mange kjenner seg meir heime i eit mytisk Amerika enn i norsk røyndom.
Langs kvar ein veg
kr 250,-
Ei country-reisebok med tre stemmer, tre solistar som også skaper eit kor i teksten. Tre forfattarar, med musikken til Hank Williams, Elvis Presley og Gram Parsons i kofferten, har teke turen over Atlanteren på vandring i dei gamle mytane og nokre nye som dei sjølve fann. Illustrert.
Yetien
kr 300,-
Anten det handlar om entusiastiske vurderingar av skyformasjonar får eit hangglidersvev i Vossefjella, ei mystisk kjærleikssoge frå Frankrike, fylling av damkjerner med moreneslam eller plastring av vestlandske damanlegg, soldatar i Afghanistan, gutar som leikar med drakar eller engelske fjell-turistar i Nepal - Helleve unnlet aldri å sjå menneska i forhold til naturen. Femten folkelege og mangslungne forteljingar.

Siste bok

Kubanaren
kr 250,-
Guten som fortel denne historia heiter Mingus. Han går ofte til kubanaren og speler på automat i staden for til den staden der han eigentleg skal gå kvar dag. Det er ein stad han ikkje vil seie...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no