Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Frode Grytten
Foto: Hans Jørgen Brun

Frode Grytten

(f. 1960) er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999.

Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval, seinast i den 870 sider tjukke Noveller i samling frå 2009. Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar.

Grytten har lang fartstid som essayist og journalist, m.a. som reporter for Bergens Tidende. Han har undervist i reportasjeskriving på universitet, høgskolar og i dei fleste store redaksjonar i Noreg, og blei i 2003 tildelt Norsk språkpris for sitt journalistiske arbeid. I boka 50/50, frå 2010, er 50 av hans journalistiske tekstar for første gong samla mellom to permar.

Frode Grytten fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen.

Grytten bur i Bergen.

print

Fleire bøker frå Frode Grytten

Flytande bjørn
kr 129,-
Hovudpersonen i Flytande bjørn er journalist på eit stille lokalkontor i ein stille småby. Ei juninatt blir ein gut pressa på elva. Alle trur dei veit kven som står bak.
Bikubesong
kr 129,-
Noko nytt begynte no. Han kunne gå i kva retning han ville, kva veg han sjølv ville. Han følte seg heilt fin, heilt finfin, som om han endelig va r seg sjølv, som om han hadde vo re ein annan person og no hadde komme til seg sjølv igjen. Han skulle gå langs vegen som ein vanlig mann. Det var eigentlig alt han ønskte. Å gå langs vegen som ein vanlig mann.

Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

Meir enn regn
kr 129,-
Meir enn regn er sterke og intense noveller om vanlege folks kjærleiksliv, kvardagsliv, ungdomsliv. Noveller som skildrar avstanden mellom dei menneska som burde vere nærast.
50/50
kr 359,-
Gjennom sine mange år som journalist har Frode Grytten brote dei fleste skrivne og uskrivne reglar. Slik har han utvida rommet for kva som er mulig å gjøre i journalistikken. I denne boka møter vi Grytten som essayist og reporter i 50 tekstar.
Noveller i samling
kr 259,-
Noveller i samling viser forfattarens veg frå medrivande barndomsskildringar til kompliserte kjærleikshistorier. Frode Gryttens kritikarroste forfattarskap er tufta på desse novellene. Les dei.
Gabba gabba hey!
kr 229,-
Knut vil ikkje på tivoli. Knut er livredd for tivoli. Men kva gjer du når du har ein far som elskar tivoli? Kva gjer du når far din har ein einaste ting i hovudet: tivoli! – gabba gabba hey!
Rom ved havet, rom i byen (2. utg)
kr 129,-
Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har kikka inn i rom ved havet, rom i byen.
Rom ved havet, rom i byen
kr 379,-
Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har kikka inn i rom ved havet, rom i byen.
Flytande bjørn (2. utg)
kr 129,-
Hovudpersonen i Flytande bjørn er journalist på eit stille lokalkontor i ein stille småby. Ei juninatt blir ein gut pressa på elva. Alle trur dei veit kven som står bak.
Sjuk av lykke
kr 129,-
Med Bikubesong fikk Frode Grytten (f. 1960) velfortent kritikarsuksess, Bragepris og eit rekordstort publikum i 1999 – og teaterstykke har gått for fulle hus. I 2000 samla Grytten 14 av sine beste noveller i boka Eg blir her, eg drar ikkje. I Sjuk av lykke har han samla heile 21 av dei beste novellene sine
Flytande bjørn
kr 349,-
Hovudpersonen i denne romanen er journalist på eit stille lokalkontor i ein stille småby. Ei juninatt blir ein gut pressa på elva. Alle trur dei veit kven som står bak. "Flytande bjørn" er ein mørk roman bada i norsk sommarlys.
Popsongar (2. utg)
kr 129,-
24 timar, 24 stader, 24 songar, 24 historiar. Frode Gryttens kvite album, eit soul-album i skrift.
Bikubesong (2. utg)
kr 129,-
Noko nytt begynte no. Han kunne gå i kva retning han ville, kva veg han sjølv ville. Han følte seg heilt fin, heilt finfin, som om han endelig va r seg sjølv, som om han hadde vo re ein annan person og no hadde komme til seg sjølv igjen. Han skulle gå langs vegen som ein vanlig mann. Det var eigentlig alt han ønskte. Å gå langs vegen som ein vanlig mann.

Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

Popsongar
kr 369,-
24 timar, 24 stader, 24 songar, 24 historiar. Frode Gryttens kvite album, eit soul-album i skrift.
synd.no
kr 0,-
Keisemd, sinne, gjerrigskap, hovmod, begjær, misunning, fråtsing.- Ein moderne og annleis antologi.- Korte, presise refleksjonar og observasjonar om sentrale aspekt ved det moderne tilværet.- Seks skjønnlitterære forfattarar og ein prest set dødssyndene inn i samtida vår.- Tekstane er bilete av vår tidsånd og levemåte.
synd.no
kr 300,-
Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt?
Eg blir her, eg drar ikkje
kr 129,-
Dei beste novellene til Frode Grytten i billigbok.
Bikubesong
kr 340,-
Romanen skildrar eitt år i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.
Meir enn regn
kr 234,-
Meir enn regn er sterke og intense noveller om vanlege folks kjærleiksliv, kvardagsliv, ungdomsliv. Noveller som skildrar avstanden mellom dei menneska som burde vere nærast.
80 grader aust for Birdland
kr 250,-
80 º aust for Birdland har ein stor himmel over seg, vêr og vind og den blå jazzen, blanda saman med livet i ein norsk småby.
Langdistansesvømmar
kr 300,-
Noveller om motorvegar, snarvegar, bygdevegar og dei magiske vegane som kan føre ein langt, langt vekk. Parallelt med dramatisk og hardkokt stil og mjukare taktar.

Siste bok

80 grader aust for Birdland
kr 129,-
80 º aust for Birdland har ein stor himmel over seg, vêr og vind og den blå jazzen, blanda saman med livet i ein norsk småby.

Monk spelte ein fantastisk konsert. Men det store, det...

Litterære prisar

Melsom-prisen
For Rom ved havet, rom i byen.

Nynorsk litteraturpris
For Rom ved havet, rom i byen.

Sunnmørsprisen
Sunnmørsprisen for 2007.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2006.

Rivertonprisen
For Flytande bjørn.

Norsk språkpris
Norsk språkpris 2003.

Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2000.

Brageprisen
For Bikubesong.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no