Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Tove Bakke
Foto: Tove K. Breistein

Tove Bakke

(f. 1954) er frå Sande i Sundfjord. Ho er gjendiktar og omsetjar, og har fått fleire prisar for arbeida sine.

Bakke er utdanna cand. mag. i fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho har gitt norsk språkdrakt til lyrikarar frå Latin-Amerika (Cuba, Argentina, Chile), Canada, Spania, Portugal og Frankrike. Av skjønnlitterær prosa har ho omsett så ulike forfattarar som Astrid Lindgren, Anna Gavalda, Laurent Gaudé, Daniel Pennac og Ian Sansom. Ho har òg omsett ei lang rekkje teaterstykke for ulike scenar, m.a. av Albert Camus, Sergi Belbel og Federico García Lorca.

Bakke blei tildelt Bastianprisen 2003 for si omsetjing av Daniel Pennacs roman Hund! Hund!. I 2008 fekk ho Samlagsprisen for gjendiktinga av den chilenske nobelprisvinnaren Gabriel Mistrals dikt (Alle skulle bli dronning, 2007) og for «heile sitt omfattande virke for å spreie verdslitteratur til norske lesarar». I 2009 blei Tove Bakke den første omsetjaren til å vere festspeldiktar ved Dei nynorske festspela.

Bakke har arbeidd som saksbehandlar i Norsk kulturråd og er medlem i NO, NFF, Norsk Kritikerlag og Norsk Forfattersentrum. Ho er busett i Oslo.

print

Litterære prisar

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2008.

Bastianprisen
Bastianprisen for 2003.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no