Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Sissel Solbjørg Bjugn

(f. 1947) debuterte med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen i 1978, som ho blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har seinare motteke ei rekkje prisar for sine diktsamlingar, romanar og barnebøker.

Bjugn plasserer seg sjølv ein stad mellom Dorothe Engelbretsdatter og Kate Bush. «Eg er eit spennande par!» utbryt ho i eit dikt. Det har knapt kome ei bok frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande.

Ho har laga eit titals barne- og biletbøker, ofte saman med spennande biletkunstnarar. Dei er like uhøgtidelege og leikne som vaksenbøkene, som mellom mykje anna inneheld kriminaldikt, rompoesi og ei samling katolske dikt. Ikkje berre er ho første poet i verdsrommet, i diktet Pave Julian dørEit skrekkdikt framstiller forfattaren seg som La Mama, den første kvinnelege paven. Og det dristige diktet Heltinnetrinnet har gjort Bjugn til noko nær ei litterær heltinne.

Sissel Solbjørg Bjugn fekk i 1985 Nynorsk barnelitteraturpris for Handa i buret. I 1989 fekk ho Blixprisen, mens ho i 1992 fekk Brageprisen for Jente i bitar. I 1993 fekk ho Melsomprisen for diktsamlinga Tornekysset.

Bjugn er frå Setermoen i Bardu.

print

Fleire bøker frå Sissel Solbjørg Bjugn

kr 205,-
Lusa er iblant oss! Ho styrer det heile - og Laura blir smitta, endå faren meiner at i deira fine hus kjem ingen lus. Korleis det går? Det får vi vite etter kvart. Teiknaren har gitt lusa nifse og truverdige framstillingar, og her er så mykje bjugnleringar at det heile aldri blir keisamt. Boka balanserer mellom det pedagogiske og det poetiske, slik at unge lesarar kan lære mangt - og ha det artig og fint undervegs.
kr 200,-
Bjugn (f.1947) har ei rekkje diktsamlingar og barnebøker bak seg. Denne boka inneheld diktsamlingane Den første avreisa på Lofotveggen, Spenn beltet kring livet og hald lampa tend!, Bye, bye og Tornekysset. Formspråket er moderne og mange av dei tidlege dikta inneheld teikningar.
kr 200,-
Ei intens og inderleg lidingshistorie med feministisk utgangspunkt - ei samling dikt med oppgjer på katolsk grunn, men også med andre perspektiv. Med overraskande og uventa biletbruk utvidar forfattaren sitt diktarunivers. Ein eigenarta og fantasifull lyrikar.
kr 200,-
Barnebarnet har heile ti bestemødrer. Dei må han passe på heile dagen. Det er ikkje alltid like lett, kan du tru. Illustrert.

Siste bok

Brynhilds
kr 200,-
Ei treffsikker og ekte barnehistorie, som også har ærend til den vaksne. Dei vakre illustrasjonane tek vare på både humoren og fantasien — i og mellom linjene.

Brynhild sit på den høge krakken...

Litterære prisar

Melsom-prisen
For Tornekysset.

Brageprisen
For Jente i bitar.

Blixprisen
Blixprisen for 1989.

Nynorsk barnelitteraturpris
For Handa i buret.

Tarjei Vesaas' debutantpris
For Den første avisa på Lofotveggen.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no