Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Oskar Stein Bjørlykke
Foto: Herborg Pedersen

Oskar Stein Bjørlykke

(f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn.

Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som reiser tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.

Dei siste åra har Bjørlykke gitt ut bøker som til ein viss grad tek utgangspunkt i biografisk stoff. Her finn vi Presta-Svein (1989), med forteljingar frå barndomsmiljø, Agape (1992), om studieår på Menighetsfakultetet, og Sally (1994), som portretterer eit prestepar frå mellomkrigstida. Desse bøkene har detaljerte tidsbilete og miljøskildringar som burde gi attkjenning for dei som var på same stad til same tid. Dei gir også innblikk i tette, lukka miljø som sikkert er ukjende for mange. Oskar Stein Bjørlykke viser ein audmjuk omgang med dei menneska og miljøa han skildrar. Det same gjeld for hans omgang med språket, som er enkelt og vakkert.

Bjørlykke bur i Oslo.

print

Fleire bøker frå Oskar Stein Bjørlykke

Diktet lyser i kvelden
kr 349,-
Dette utvalet med dikt av Oskar Stein Bjørlykke blei gitt ut i samband med at forfattaren fylte 70 år den 4. desember 2009.
Hoppe i havet
kr 179,-
Med denne utgivinga stadfester Bjørlykke på ny at han evnar å gå inn i barnets sansingar og tankar på ein truverdig måte.
Bakken
kr 250,-
Oskar Stein Bjørlykkes nye diktsamling er ei lågmælt, men intens diktbok om sorg, sakn og vegen ut av sorga.
Hanni
kr 200,-
Eg-forteljaren er ein kjend fotballspelar, som blant fan-posten ein dag finn eit postkort frå barndomsvennen Hanni.
Han Tolle
kr 300,-
Personane i desse historiene er i utkanten av det vanlege, gjerne også både utsette og tilsidesette. Men som alle andre lever dei i si tid, med det som kvar tid har i seg.
Kom til Dammen
kr 151,-
Ei vakker og gripande lita forteljing om nabogutane Olvar og "eg", som levde under siste verdskrig: "Akkurat som det er krig andre stader i verda no, var det krig her då.Du kunne kjenne det. Og høyre det. Og sjå det." Eg-forteljaren minnest ei rekkje situasjonar frå samværet mellom dei to venene, som etter kvart blir prega av at Olvar er alvorleg sjuk. Forfattaren spinn ein kjærleg atmosfære rundt den sjuklege leikekameraten, og framstillinga av deira barneliv får rang av eit lys i mørkret, eit håp og ei tru på at noko fredeleg og godt kan springe ut or mennesket.
Himmel med måne i ne
kr 350,-
Ein oppvekst - og danningsroman frå norsk etterkrigstid: Asbjørn fortel om oppveksten sin på ein liten stad på Vestlandet.
Den dagen
kr 200,-
Dette er dikt for barn, ei gruppe som det elles vert skrive lite lyrikk for.
Dropar
kr 250,-
Dropar er ein roman om korleis opplevingar i barndommen pregar forholdet til andre menneske, i parforhold og arbeidsliv. Romanen utforskar ein krisetilstand i eit menneskeliv og viser kva som kan skje når etablerte sanningar om fortid og framtid blir sette på prøve.
Hendene i veret! : dikt, forteljing
kr 250,-
Finn gjennopplever nokre haustveker der ting ikkje er heilt som før. Han og bestekameraten Arne slåst og blir uvenner, og mor og far er heller ikkje venner lenger. Mormor som Finn har sett så klårt for seg heilt sidan ho døde, er liksom borte for han. Å utforske agressiviteten sin, å kjenne seg einsam, å gå gjennom ei forandring, dette er noko av det Finn får prøve.
Skrift
kr 256,-
Romanen handlar om presten Fredrik Dale. Han opplevde ein overveldande sorg da kona hans døde. Han kjem seg gjennom sorgen, ikkje minst på grunn av møtet med Vibeke. Kanskje er det likevel ei framtid for han? Handlinga foregår på eit djupt personleg plan, men som bakteppe er også eit samfunn og ei kirke i krise.
kr 205,-
Kva er i hovudet?Flygande tankar er i hovudet.Tankar mellom deg og meg.Ei samling diktforteljingar - eller forteljingsdikt - om mellommenneskelege situasjonar som barn kan kjenne seg att i. Mange sinnsstemningar finst her - både glede, sorg, undring, forventning, og andre nyansar av kjensler vi alle har. Dei konkrete situasjonane kan lesast i samanheng eller som einskildtekstar - og barn og vaksne vil ha mykje glede av å oppleve dei saman.
kr 300,-
I sentrum for hendingane i denne romanen står Skyggen og Halvar`n som bur på kvar sin hybel og går i andre klasse på realskolen. året er 1955/56 og staden er Leirvik på Stord. Med lun og underfundig humor skildrar Bjørlykke to kameratar på terskelen til eit vaksenliv og korleis indre og ytre krefter drar dei i ulike retningar. Det handlar om kameratskap som går i oppløysing, om å finne seg sjølv og bli noko anna enn skuggen av eit anna menneske. Boka er glimrande i sitt psykologiske portrett, samtidig som ho gir eit tidstypisk bilete av 50-åra.
kr 250,-
Ei diktbok for barn i småskolealderen; ei open og livleg bok som ikkje spring ettter lesaren med noko. Boka inneheld 84 dikt i tre delar.
kr 250,-
Forteljingane foregår i Noreg i tidsrommet frå 1945 til i dag. Eit heilt persongalleri møter lesaren, personar av alle slag, som har det til felles at dei alle står oppe i ein situasjon og blir rive med i ei handling. Men mest av alt er det forteljingar om kjærleik.
kr 256,-
Roman om to familiar på Sunnmørskysten i åra 1905 til 1940. Miljøet er lite, med kummerlige kår, men med eit stor utsyn: Amerika, veksande byar, eit land i framgang og betre kommunikasjonar. Historia har i seg både fornedring og oppreising, sorg og glede.
kr 200,-
Boka inneheld 17 forskjellige forteljingar av 14 forskjellige forfattarar. For deg som har lært å lese sjølv. Illustrert.
kr 300,-
Dette er ei inderleg historie om ein mannleg teologistudent i Oslo tidleg på 60-talet. Med sans både for morosame detaljar og djupt alvor løftar forfattaren fram i lyset eit miljø som knapt nok har vore skildra i litteraturen tidlegare. Agape tyder kjærleik og boka er ei kjærleiksforteljing. Men tittelen er fleirtydig, den peikar mot ein guddommeleg kjærleik som gir oss livet, men har også innslag av eros i seg. Slik blir den kanskje først og fremst eit motstykke til angst.
Ansikt
kr 200,-
I denne nye diktsamlinga er det nok ein god del som liknar på tidlegare dikt. Men det er også mykje nytt i eit språk som er tett samanknytt, men som likevel verkar ope.

Siste bok

Vår tid
kr 379,-

I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset, som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som...

Litterære prisar

Falturiltuprisen
Falturiltuprisen 2007.

Kritikarprisen
For Kom til dammen.

Kulturdepartementets spesialpremiar for barne- og ungdomslitteratur
For Hendene i veret! Dikt, forteljing.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1995.

Jubileums-stipend frå Den norske Bokklubben
Jubileums-stipend frå Den norske Bokklubben 1986.

Vekebladet Familiens ærespris
Vekebladet Familiens ærespris 1967.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no