Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Edvard Befring

Eg bur no i

Oslo

Yrke

Dr.philos. og professor ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO

Bakgrunn

Har vore professor ved Århus Universitet og rektor ved Statens spesiallærarhøgskole.

print

Fleire bøker frå Edvard Befring

Forskingsmetode og statistikk, 3. utg.
kr 299,-
Grunnbok i vitskapleg tenkjemåte og metode. På ein tilgjengeleg måte klargjer forfattaren forskingsmetodiske og forskingsetiske spørsmål, eksemplifiserer forskingsopplegg, føresetnader og feilgrep, og tilhøvet mellom forsking, læring og kompetanseutvikling. Hovudvekta er lagd på empirisk metode med både kvantitative og kvalitative tilnærmingar. Historisk metode, etikk og vitskapsteori har og fått stor plass. Boka inneheld tre store kapittel om pedagogisk statistikk med vekt på prinsipp og teknikkar, utan matematiske detaljar. Forfattaren gir eit forskingshistorisk oversyn og vurderer forsking i eit samfunnsmessig kritisk lys. Denne nye utgåva er oppdatert, både språkleg, fagleg og metodisk.Boka passar for lærarutdanning, studium i pedagogikk og spesialpedagogikk, samfunnsvitskap og helse- og sosialfag.
Oppvekst og læring
kr 349,-
Vilkåra for allsidig læring og utvikling mot eit innhaldsrikt liv er hovudtemaet for sosialpedagogikken og for denne boka. Sosialpedagogikken har lojalitet med eleven (barnet eller den unge). Edvard Befring går i denne boka gjennom oppvekst i den norske velferdsstaten på brei basis. Boka gir ei heilskapleg og lett tilgjengeleg framstilling der hovudvekta ligg på idegrunnlag, teoriar, forsking og praksis når det gjeld oppvekst, omsorg og opplæring. Læringsprosessen blir sett inn i den totale sosiale konteksten. Boka vender seg til studentar i pedagogikk og spesialpedagogikk, lærar- og førskolelærarstudentar og studentar i helse- og sosialfag. Ho vil og vere aktuell for lærarar og andre som arbeider med barn og ungdom.

Siste bok

Forskingsmetode, etikk og statistikk
kr 359,-
Dette er ei grunnleggjande bok om forsking og forskingsmetode, skriven for studentar innanfor pedagogikk og spesialpedagogikk, samfunnsvitskap og helse- og sosialfag. Boka handlar om både...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no