Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Bertolt Brecht

Bertolt Brecht (1898-1956) er kjend som ein av dei mest framståande dramatikarar og teaterteoretikarar i det 20. århundret. Han blei fødd i Augsburg, men flytta seinare til Berlin, der han fikk sansen for det moderne teatret. Det nasjonalsosialistiske Tyskland byrja i 1933 å bli utrygt for Brecht, som både var kunstnar og revolusjonær forkynnar av kommunistisk kollektivisme. Han såg det naudsynt å flykte. Dette blei starten på ei lang periode i eksil i Danmark, Finland, Storbritannia og til slutt USA.

Etter krigen flytta Brecht først til Sveits, og søkte deretter om løyve til å reise inn i Vest-Tyskland. Dette blei han nekta grunna sine kommunistiske sympatiar. Han slo seg då ned i DDR og grunnla Berliner Ensemble saman med skodespelarinna og kona Helene Weigel.

I ettertida er Brecht ikkje berre kjend for sine drama, men òg for å ha utvikla ein ny teknikk for å fortelje historier i teatret, kalla episk teater eller forteljande teater og for bruken av underleggjering (verfremdungseffekt). Begge verkemiddela er for han verktøy for å fremme framsyningas politiske innhald.

print

Siste bok

Tolvskillingsoperaen
kr 250,-
Bertolt Brechts berømte skodespel frå 1928, er like aktuellt i dag. Våren 2008 kan du sjå Tolvskillingsoperan på Det norske Teatret.Les meir her

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Søndag 20. mai trykte BT teksten min om e-bøker for barn.Då eg var liten, var utbrettsbøker noko av det mest magiske eg kunne komme over. Storslagne og intrikate byggverk som reiste seg frå sidene var sjølvsagt best, men også enklare konstruksjonar var s ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no