Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Liv Marie Austrem
Foto: John Hughes

Liv Marie Austrem

(f. 1947) har skrive både romanar, fagbøker og skodespel, men er mest kjend for sine prislønte bøker for barn og ungdom.

Austrem debuterte med barneboka Vikagjengen i 1985, og fekk sitt gjennombrot med Runar vart 17 år (1988). Denne boka fekk ho Noregs Mållags barnebokpris for. Boka blei òg omsett til dansk. I 1995 kom Tvillingbror og i 1997 Tvillingsøster. For begge desse bøkene fekk Austrem Brageprisen, høvesvis i kategoriane beste barnebok og beste biletbok.

Austrem gav ut si første bok for vaksne, romanen Gyda, i 1995. Boka er ei folkelivsskildring frå Lofoten ved århundreskiftet, ein psykologisk og historisk roman i eitt. Rikkes reise, frå 1997, er ein sjølvstendig oppfølgjar til Gyda, der Rikke har reist frå det harde livet i Lofoten til Kristiania og vidare til Alaska.

Som fagbokforfattar har Austrem skrive fleire bøker om kulturen i Lofoten og om psykisk helsevern, m.a. intervjuboka Møte med psykiatrien frå 1999. Ho blei tildelt Vestvågøy kommunes kulturpris i 1989 og Yttriprisen i 1997, for «god litteratur skrive på god nynorsk».

Liv Marie Austrem er utdanna cand. mag. og har arbeidd som lærar og teaterinstruktør. Ho er frå Vågå i Gudbrandsdalen, og bur no i Oslo.

print

Fleire bøker frå Liv Marie Austrem

Skavanken
kr 250,-
Faren i denne tobarnsfamilien spelar fele på fritida. Eldsteguten har svært dårleg syn, men far har lova at han også kan lære å spele fele, for fingrane er det ingenting i vegen med.
Diamanten
kr 250,-
Forfattar og teiknar har hatt vellykka samarbeid tidlegare, med dei to Bragepris-lønte biletbøkene Tvillingbror og Tvillingsøster.
kr 350,-
Boka er ei folkelivsskildring frå Lofoten ved århundreskiftet, ein psykologisk og historisk roman i eitt. Det er ei dramatisk skildring om tapre kvinner og nordnorsk strev, med galskap og trolldom og vankelege sinn og sterke krefter som bryt mot kvarandre. I sentrum for handlinga står Gyda, som har lyse draumar om eit liv saman med Henning. Men kjærasten svik då Gyda mest treng han, og alt vert annleis enn ho hadde håpa på.
Tonen som vart borte
kr 250,-
Den prosalyriske teksten er ein indre monolog, ein straum av barnlege tankar og kjempande trass. Men vendinga kjem og håpet vaknar på nytt. Teksten fortel om ei jente som har mista plystretonen som faren har lært henne. Ho trur han er i fossen og ho må finne han, for da vil alt gå bra.
Tvillingsøster
kr 203,-
Tvillingbror har fått ein venn og bryr seg ikkje lenger om kva tvillingsystera seier. Dei er dumme, synest tvillingsystera, når dei kviskrar i lag og ho ikkje får vere med. Ho finn ut ein måte å straffe dei på. Men så er det noko rart som skjer med tvillingsystera. Vi møter her att tvillingparet frå biletboka Tvillingbror som skaffa opphavsmennene Brageprisen i 1995.
Når halen er god
kr 300,-
I jubileumsåret feirar NBU, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, sine 50 år m.a. med denne generøse antologien nyskrivne tekstar. Medlemmene vart utfordra til å skrive for store barn i alle sjangrar, og det har dei gjort: her er dikt, essay, dialogar, skisser og noveller - ei mengd noveller! 42 forfattarar i alle aldrar er med, og både kjønn og målformer er nokså likeleg fordelte. Men hovudsaka er at det er blitt ei spennande, morosam og fengslande bok! Fin å lese i godstolen, på bussen, under dyna - og på skulen, der ein ofte leitar etter korte, gode tekstar. Ei bok som bør finnast i kvar einaste norske bokhylle!
Rikkes reise : roman
kr 300,-
Rikke har reist frå det harde livet i Lofoten til Kristiania og vidare til Alaska. Året er 1910 og ho er på jakt etter mannen ho elskar og som er far til barnet ho har i magen. Boka er ei forteljing om jakta på kjærleiken, om å stå aleine, om å våge, om å finne ein plass i livet og om å vere i stand til å elske. Rikkes reise blir ei dramatisk reise både på det ytre og indre planet. Romanen er ein sjølvstendig oppfølgjar av Gyda (1995).
Tvillingbror
kr 223,-
Jenta som fortel i denne boka, har ein tvillingbror. Han er altfor snill, synest ho. Han får alltid ros, medan ho får skjenn.

Siste bok

Hund på kroken
kr 59,-
Mads hatar hundar. Ein dag han testar fiskestonga på balkongen, bestemmer han seg for å erte hunden Rosa, som bur i etasjen under. Han festar ein pølsebit på kroken, og då skjer det som aldri...

Litterære prisar

Brageprisen
For Tvillingsøster.

Yttri-prisen
Yttri-prisen for 1997.

Vestvågøy kommunes kulturpris
Vestvågøy kommunes kulturpris for 1990.

Noregs Mållags barnebokpris
For Runar vart 17 år.

Brageprisen
For Tvillingbror.

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Fredag 18. mai skreiv eg om nordmenns tv-vanar i Journalisten. Teksten inkluderer ei rekke åtak på populære tv-program, og er ikkje nådig mot folk som ikkje forstår seg på nett-tv og opptaksfunksjonen til mottakarboksen. Les teksten her.
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no