Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Arthur Arntzen

Arthur Arntzen er journalist og forfattar. Arntzen har stadfesta nordnorsk humor og lynne gjennom sine mange bøker, og har opparbeidd seg ein unik posisjon i nordnorsk kulturliv.

I 1999 blei han kåra til hundreårets mest morosame nordmann.

print

Fleire bøker frå Arthur Arntzen

Oluf i sitt ess
kr 350,-
I 1999 vart Arthur Arntzen kåra av fleire ”folkejuryar” til landets fremste humorist i det 20. hundreåret.
Det latterlige alvor
kr 299,-
Det er blitt mindre plass for den varme, livsfriske og forløysande humoren i vårt moderne, jagande samfunn - både i folks daglegliv, innanfor helsevesenet, i idretten og i arbeidslivet. Sterkt fokus på effektivitet og materielle verdiar tek frå oss gleda både ved liv og arbeid.
Oluf for evig
kr 310,-
Med åtte bøker, tallause radio- og fjernsynsprogram og sceneframsyningar, fleire videoar og eit teaterstykke har Arthur Arntzen gjort Oluf i Rallkattlia til folkeeige. Då forfattaren og scenekunstnaren for to år sidan "gravla" Oluf for godt, utløyste det ein proteststorm, ikkje berre i Nord-Noreg, men over heile landet. Med Oluf for evig har denne fantastiske figuren fått eit verdig minnesmerke. Forfattaren Arvid Hanssen har plukka ut og sett saman Olufs aller beste, og sjølv skrive eit langt forord om folkehelten frå Rallkattlia. Teikningane er Dagfinn Bakkes originale.
Dokker kan flire : elendighet i utval
kr 319,-
Boka er ei redigert samling av Arntzens salssuksessar æ lyg ikkje, æ sei ikkje meir, Det svær æ på og æ gjer mæ ikkje, pluss eit nyskrive innleiingskapittel. Med ustyrleg glede presenterer han den nordnorske folkesjela gjennom eit sant mylder av personar henta rett ut frå eit mangfaldig og svært ufrisert kvardagsliv.
Og langsomt kom lyset
kr 400,-
Samarbeidet mellom bildekunstnaren Kaare Espolin Johnson og forfattaren Arthur Arntzen har resultert i denne eineståande og spennande kunstboka, som presenterer 22 av arbeida til kunstnaren. Dei har begge ei djup og inderleg forståing for det nordnorske, og for livsvilkåra der, slik den eldre generasjonen lærte dei å kjenne. Men sjølv om bileta er frå Nord-Noreg, opplever vi ei heil verd gjennom Espolins kunst. For kampen om elementa gjeld i alle verdshjørne. Det er ikkje eit spørsmål om geografi. Til kvart bilete er det ein kort tekst av kunstnaren sjølv, der han fortel om bakgrunnen for biletet. Arntzen skriv små forteljingar inntil desse, der han formildar sine opplevingar av kunstverka.
Det svær æ på
kr 219,-
Den store og endelege boka om bannskap, galskap og latskap. Arthur Olof Arntzen med nordnorsk forlkehumor så beisk, nyskapande og vittig som du aldri får har lest. Oppfølgjar til Æ lyg ikkje (1986) og Æ sei ikkje meir (1989).

Siste bok

Vi sto han av
kr 299,-
Eit kjærkome gjensyn med dei særmerkte og vidunderlege historiene om Oluf, ho Emma og han Lars.

Arthur Arntzen har skrive eit tital bøker om det mangfaldige livet i...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Fredag 18. mai skreiv eg om nordmenns tv-vanar i Journalisten. Teksten inkluderer ei rekke åtak på populære tv-program, og er ikkje nådig mot folk som ikkje forstår seg på nett-tv og opptaksfunksjonen til mottakarboksen. Les teksten her.
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no