Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Annlaug Auestad
Foto: Ingvild Auestad

Annlaug Auestad

(f. 1965) er forfattar og illustratør. Ho debuterte litterært med biletboka Neppe i 2006, og følgde opp med populære Kuvenninnene i 2008.

Auestad har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har illustrert fleire barnebøker og arbeidd med maleri. Neppe (2006) er den første boka ho sjølv både skreiv og illustrerte, og i denne vakre biletboka møter vi bamsen Neppe, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nissen.

Kuvenninnene (2008) er ei humoristisk biletbok om vennskap og krangling – med rauting av ypparste klasse. Begge bøkene til Auestad er prega av hennar eigne illustrasjonar, som har sjarm og karakter, og som byr på fine detaljar som den vesle lesaren av bileta veit å verdsetje.

Annlaug Auestad bur på Randaberg utanfor Stavanger.

print

Fleire bøker frå Annlaug Auestad

Neppe
kr 200,-
Ei vakker lita biletbok for dei aller minste, i glade, lyse fargar. Neppe er ein liten bamse, som leitar etter yndlingsleika si, menneskedokka Nisse.

Siste bok

 Kuvenninnene
kr 229,-
Dette er ei bok om venninnekyr. Ei bok om Jorun som er blank i pelsen, Konni som har fin bjelle, Gullhorn med dei flottaste horna, og Berta med dei største jura…

Som andre venninner begynner...

Litterære prisar

Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Fredag 18. mai skreiv eg om nordmenns tv-vanar i Journalisten. Teksten inkluderer ei rekke åtak på populære tv-program, og er ikkje nådig mot folk som ikkje forstår seg på nett-tv og opptaksfunksjonen til mottakarboksen. Les teksten her.
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no