Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Viljen til språk
Status: I sal
ISBN: 9788252166545
Utgåve: 1
Opplag: 2
Utgitt: 2006
Format: Innbunden


Del |

Viljen til språk
Innbunden  kr 399,-
Den viljen til språk som har prega arbeidet for nynorsk, har fått mykje å seie for norsk språk og kultur allment og for demokratisering av både samfunn og språk. Dette er den første samla framstillinga av den nynorsk kulturhistoria i éi bok av éin forfattar, gjennom 1500 år fram til dagens www og sms. Utgjevinga kjem same veke som Noregs Mållag feirar sitt hundreårsjubileum.

"Ein kan berre bukke og takke og ta av seg hatten (om ein har) for den flotte boka Ottar Grepstad no har skrive ... Grepstad er ein forfattar med sting og engasjement ... Boka er både ein språkleg bauta og ei nyttig bruksbok"

Guri Hjeltnes, VG

"Sprekt om språk ... Breidare, lengre, alvorlegare, artigare og friare for språkleg pirk har ikkje nynorskens og målrørslas historie vore skriven"

Arnhild Skre, Aftenposten

"Viljen til språk har blitt ei flott bok. Den er vakkert produsert, både frekt og godt skrevet og gir engasjert tilgang til et vell av kunnskap"

Tore Rem, Dagbladet

Intervju i Aftenposten

Intervju i Dagbladet

Med språkleg stilsikker skreddarsaum viser Ottar Grepstad korleis aukande lese- og skrivekunne har danna grunnlaget for språkleg og kulturell demokratisering. Han reviderer språkhistoria på viktige punkt, legg særleg vekt på dei meiningsdannande miljøa blant nynorskbrukarane, avdekkjer ukjende sider ved historia til målrørsla og gir kvinnene den plassen i målrørsla som så ofte er blitt oversett. På unikt vis har forfattaren supplert den historiske framstillinga med Nynorsk margleksikon, der 150 profilerte personar og institusjonar blir presist omtalte med råkande karakteristikkar.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har i lang tid samla faktatrådar og spent opp den historiske renninga med alskens emne som har å gjere med nynorsk språk og kultur. I denne boka står veven fram i heile si fargerike breidd.

print
Ottar Grepstad
(f. 1953) er direktør ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.  Grepstad har tidligare vore forlagsredaktør, redaksjonssjef og ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget, r ...
Fleire bøker frå Ottar Grepstad:
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
21.05.2012: 
Fredag 18. mai skreiv eg om nordmenns tv-vanar i Journalisten. Teksten inkluderer ei rekke åtak på populære tv-program, og er ikkje nådig mot folk som ikkje forstår seg på nett-tv og opptaksfunksjonen til mottakarboksen. Les teksten her.
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no