Språk
Mannen bak det populære språkprogrammet «Språkspalten» på NRK Hordaland er på ny ute med ei folkeopplysande bok. Denne gongen er det om stadnamn i Hordaland, frå ættestader og gardsnamn til fjelltoppar og kommunar. Både opphavet og historikken blir forklart. Slik er dei ein spennande innfallsport til kulturhistoria vår og ein viktig del av identiteten vår.
Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen, og har arbeidd særleg med sosiolingvistikk, dialektologi og namnegrans ...
Siste nye titlar
kr 429,-
Andre bandet i den nyskrivne og illustrerte norske målsoga viser korleis den norske målreisinga er ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet, og korleis landsmålet og nynorskprosjektet via jamstellingsvedtaket i 1885 blir ei suksessoge.
kr 429,-
Første bandet i denne nyskrivne og illustrerte norske målsoga handlar om tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i Noreg frå etableringa av allmugeskolane i 1739 fram til 1868.
kr 219,-
Cicero, Quintilian og Tacitus er tre av dei fremste retorikarane frå det gamle Roma. Dei vart klassikarar i si eiga samtid og har hatt avgjerande innverknad på europeisk skriftkultur og danningshistorie.
kr 279,-
Mannen bak det populære språkprogrammet «Snakk med oss» presenterer i denne boka ord og uttrykk frå Hordaland. Her finn du ord som pylsa og kúrv, kvitle, sjodna, fasidl og tyl. Både velkjende og gløymde ord er med, og opphavet til ordet, historikken, utbreiinga og variantar av ut ...
kr 149,-
Kva skjer i den aller nyaste norske litteraturen? Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar, guidar deg inn i det nye litterære landskapet.
kr 339,-
I denne boka tek Rolf Theil oss med på ei språkleg og antroplogiske rundreise over heile jordkloden.
kr 349,-
Dette er noko så uvanleg som ei heil bok om R.
Side 1 av 5