Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Samtid og debatt

Statsfiende Wikileaks

Korleis ei gruppe hackarar utfordrar verdas mektigaste nasjonar

Hefta kr 299,-
Korleis kunne ei handfull nettaktivistar klare å ramme supermakta USA og andre så hardt?

Etter lekkasjar av hemmelege rapportar frå amerikanske ambassadar og dokument om krigen i Afghanistan og Irak har den amerikanske regjeringa erklært WikiLeaks som statsfiende.

Under den omstridde frontfiguren Julian Assange har gruppa utfordra USAs sikkerheit og omdøme på det sterkaste. No blir dei forfølgde med alle midlar.

Boka tar for seg personen Julian Assange, og kva som har drive han. Forfattarane Holger Stark og Marcel Rosenbach har følgt Assange og andre nettaktivistar i årevis, og også vore sentrale i Der Spiegel med WikiLeaks-avsløringane. Dei gir oss eit første overblikk over fenomenet og utviklinga av WikiLeaks, eit eksklusivt innsyn i hackerverda, og forklarer kvifor statsløyndomar aldri meir er trygge.

Boka legg premissane for debatten om det nye ”mediedemokratiet”: Har folk flest rett til å vite statsløyndomar? Er WikiLeaks framtidas undersøkjande journalistikk, eller den farlegaste sida på Internett?

Frå tysk ved Guro Sandnes.

Marcel Rosenbach
 er skrivande redaktør i Der Spiegel, og har lang røynsle med journalistikk om media, datahacking og hemmeleg tenester. Han har også jobba m ...
Stillstand
kr 149,-
Forfattar, journalist og fanzinemakar Agnes Ravatn samlar no essaya frå Dag og Tid-serien Stillstand i bokform. I denne serien oppsøkjer Ravatn situasjonar der ingenting skjer.
Solidaritet på ny
kr 329,-
Kva bekymrar deg mest for dine eigne barn i framtida? Om dei skal få nok pengar? Eller om dei skal ha vener, god helse og bli lukkelege som vaksne? I følgje SSB skal Noreg bli 2-3 gonger så rike dei neste 50 åra. Vår generasjons store utfordring er ikkje lenger å sikre at vi blir ...
Tale er gull
kr 299,-
Talen er for oss menneske vår avgjerande reiskap og det mest verdfulle vi har ‒ i privatlivet, i samfunnslivet og i yrkeslivet.
kr 359,-
Dette er forteljinga om gamle foreldre som døyr ein naturleg død, og om det tragiske i det mest naturlege.
Side 1 av 8
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no