Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Norske malebøker
Status: I sal
ISBN: 9788252178777
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2012
Format: Innbunden


Del |

Norske malebøker

Læremiddel – Kunstformidling – Tidtrøyte - Lokkemiddel

Innbunden  kr 429,-

Eit fargerikt pionerverk  som med 260 illustrasjonar dokumenterer og synleggjer eit allment kjent, men usynleggjort og sterkt  underkjent kulturhistorisk fenomen, vel 100 år med norskproduserte malebøker for barn. 

Einar Økland har i 40 år kartlagt og sjølv samla fleire hundre titlar som er langt fleire  enn det som finst i offisielle register. I si kronologiske og perspektivrike framstilling viser han døme på dei utanlandske forløparane før vi frå 1890-talet får dei første norskproduserte produkta.

Boka viser korleis store og mindre forlag nytta kjende og mindre kjende kunstnarar i produksjonen av ein boksjanger som ingen hittil har analysert og som berre sporadisk er registrert.  Som bruksbøker er sjangren dessutan å rekne som sjølvdestruerande, men Økland har valt å vise både ubrukte forelegg og  ”brukte” sider.

print
Einar Økland
(f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sj ...
Fleire bøker frå Einar Økland: