Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Godt å gi bort

Heimelaga mat og drikke – den beste gåva du kan gi!

Innbunden kr 399,-

Skal du på fest, i middag eller er utkommandert til dugnad og skal ha med deg gåve? Vil du imponere vertskapet med noko heimelaga som både smakar og ser fantastisk ut? Har du lyst til å glede ein du er glad i med noko heilt spesielt, som ikkje blir gløymt?

Godt å gi bort har svaret og løysinga på alt dette! I denne vakre og inspirerande boka har vi samla oppskrifter og framgangsmåtar for korleis du lagar nydeleg mat og drikke som presang – og korleis du pakkar det lekkert inn. Her er alt frå pesto, syltetøy, paté, egglikør, karamell, sursild og brød til heimelaga piknikkorger, nydeleg sjokolade, småkaker og müsli. Boka har enkle oppskrifter, er herleg å bla i og vil gi deg inspirasjon og lyst til å gi vekk smakfulle gåver i flott innpakning.

Dei som står bak: Guro Usterud, forfattar, Nina Dreyer Hensley & Jim Hensley, kokkar og kjende fotografar og Ann-Kristin Møsth Wang, matstylist og kokk.

Siste nye titlar

Gourmet for folket
kr 249,-
Kven kunne ikkje tenkje seg å diske opp med like lekre retter til gjestene sine som dei ein får servert på restaurant? Ole Jonny Eikefjord er kjend for restaurantane Eik, Eik Annen Etage og Fjord, og i dette smykket av ei kokebok presenterer han enkle treretters menyar som er overkommelege å lage for folk flest.
Vossamat
kr 419,-
Vossamat er ei spennande blanding av kulturhistorie og kokebok og tek for seg velkjende retter, men òg retter som er gløymde og forsvunne.
Folk og mat
kr 349,-
Denne kokeboka treng du faktisk – og du kjem til å bruke den! Her finn du alt frå kumleoppskrifter som har gått i arv i generasjonar til eksotiske fiskeretter med kokosmjølk.
Den store epleboka
kr 329,-
Eplet har sidan Adam og Eva stått i ei særstilling. I denne appetittvekkjande bruksboka viser dei to epleentusiastane Eitrheim og Grønsnes at eplet er meir enn ei kvardagsleg frukt.
Vinlandet
kr 350,-
Tidlegare var det ingenting som vart rekna som meir farleg enn å ta seg eit glas vin. Det var første steget på vegen til alkoholisme, arbeidsløyse og rennesteinen. No vert knapt noko rekna som sunnare enn det å ta seg eit glas vin; det gjer godt for hjarta og humøret, hevdar mang ...
I Huldas kjøkken
kr 349,-
I Huldas kjøkken er ei moderne kokebok der Ruth-Hege Holst har latt seg inspirere av Hulda Garborg og hennar kokekunst.
Grønt og godt : vegetarkokeboka for alle
kr 346,-
Boka gir ei innføring i alt som har med vegetarisk matlaging å gjere, 200 oppskrifter. Elliot gjer greie for ulike koke- og steikjeteknikkar, og forklarer korleis vi skal bruke grønsaker og andre ingrediensar som tofu, belgvekstar og korn. Boka viser korleis vi kan ha eit balanse ...
Side 1 av 3
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no