Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Torvald Tu
Status: I sal
ISBN: 9788252172126
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2008
Format: Innbunden


Del |

Torvald Tu

Eit fint portrett av den no nesten gløymde diktaren Torvald Tu og lagnaden hans

Innbunden  kr 329,-
Jærdiktaren Torvald Tu (1893–1955) hadde eit stort publikum og var i mellomkrigstida kjend og elska over heile landet. Han var særleg populær som dramatikar, men han skreiv også romanar, eventyr, stubbar og dikt.

Folkekomediane hans blei oppførte med stor suksess over heile landet. Alf Prøysen var av dei som nemnde Torvald Tu som ei viktig inspirasjonskjelde.

Tu henta motiv og stoff frå bygde- og bondemiljøet på Jæren. Han hadde jærdialekten som kjennemerke, eit skarpt blikk for typar i lokalmiljøet, og skildra folk med innsikt og varme. Under den lune humoren låg alltid alvoret.

I tillegg til ein fascinerande diktarkarriere hadde Tu ein interessant livslagnad. Han kom frå små kår og sleit heile livet med økonomien, trass i suksessen. Det meste av sitt vaksne liv levde han saman med pianisten Trygve Stangeland i Mosberghagen, huset dei bygde på Klepp.

Jan Olav Gatland er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. I denne boka teiknar han eit fint portrett av den no nesten gløymde diktaren og lagnaden hans. Han følgjer forfattaren gjennom debut og oppgangstider, motgang og tyngre tider, og lar oss bli kjend med Tu som menneske og kunstnar.

print
Jan Olav  Gatland
(f. 1949) er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har skrive fleire bøker og artiklar, blant anna om homofili som tema i litteraturen. 
Fleire bøker frå Jan Olav Gatland:
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no