Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Nesten frelst av Sigvart Dagsland
Status: I sal
ISBN: 9788252173154
Utgåve: 1
Opplag: 1
Omfang:  272 sider
Utgitt: 2009
Format: Innbunden


Del |

Nesten frelst av Sigvart Dagsland

Underhaldande og innsiktsfullt om Sigvart Dagsland. Og om kristen tru.

Innbunden  kr 379,-
Kva er det med Sigvart Dagsland som gjer han til ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg? Dette prøver Olaug Nilsen å finne ut av, og ho gjer det på ein original måte i denne første portrettboka om artisten.

Kva er det med Sigvart Dagsland som gjer han til ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg? Dette prøver Olaug Nilsen å finne ut av, og ho gjer det på ein original måte i denne første portrettboka om artisten.

Vi følgjer Dagsland frå fødselen til i dag og er innom kjendisstatus, musikk, kjærleik og mykje anna – men særleg med fokus på kristentrua hans. Gjennom 15 år i bransjen, gullplater og Spellemannpris har han samarbeidd med svært mange musikarar og ulike produsentar. Dette er boka om ein særeigen artist som er i stand til å tenkje sjølv, og som til og med skaper kontroversar.

Dette er ei utradisjonell portrettbok med ein synleg og aktiv forteljar. Nilssen skriv om karrieren og musikken hans, men også om leddgikta og korleis han blir hjelpt av alternativ medisin. Dagsland fortel openhjertig om forholdet til mor si, og det blir avslørt korleis han fann saman med kona si, Karoline Krüger.

Forfattaren intervjuar hardbarka fans, som Pia Tjelta, om ei sterke kjenslene og humanismen i musikken hans, og Espen Ottosen om kristensynet til Dagsland. Dagsland trur ikkje på synd og helvete og meiner alle kjem til himmelen uansett kva dei trur. Nilssen er ikkje kristen, men håpar å bli det, og blir provosert av at det skal vere så enkelt. Ho gjer sitt beste for å tvinge Sigvart Dagsland til å frelse henne, endå han ikkje vil. Lukkast ho?

Olaug Nilssen er ein røynd forfattar, har vore tidsskriftredaktør i Kraftsentrum og er leiar ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho er oppvaksen med TenSing og er Sigvart-fan.

Sjå intervju med Sigvart og Olaug

 

Frå bokmeldingar

"Velskrevet, underholdende og innsiktsfullt om Sigvart Dagsland. Og om kristen tro."

Ørjan Greiff Johnsen,  Adresseavisen

"Er du kristen? Og viss ja, kva betyr det?"

Olaug Nilssen,  Bergens Tidened

"Nilssen er morsom og frekk, ofte uenig, men hele veien sympatisk. [...] Resultatet er intelligent, underholdende, snedig og på alle måter anbefalelsesverdig."

Eirik Høyer Leivstad,  Bergens Tidende

"Då han nesten frelste henne"

Gerd Elin Stava Sandve ,  Dagsavisen

"kombinasjonen av Dagsland og Nilssen kunne vanskelig vært bedre."

Bjørn Gabrielsen ,  Dagens Næringsliv

"Nilssens stilbevisste, barokke, heftig-kjølige tilnærming kler temaet godt. Boka åpner forrykende med å sette både forfatterens og popartistens livssyn på spill fra første side, samtidig som hun driver gjøn med Samlagets kommersielt innstilte redaktør i veksel mellom ulike meta-romanteknikker."

Tom Egil Hverven ,  Klassekampen

"Helvete har ingen plass"

Hilde Bruvik,  NRK

"... jeg kan love en ganske artig og tidvis lærerik leseropplevelse, der man altså kan risikere å stille seg selv en rekke interessante spørsmål underveis. Takket være en åpenhjertig og sjenerøs Dagsland, og en selvironisk undrende forfatter."

Sindre Hovdenakk ,  NRK
print
Olaug Nilssen
(f. 1977) debuterte med romanen "Innestengt i udyr" i 1998, og har sidan skrive fleire bøker i ulike sjangrar og utmerkt seg som ei tydeleg og viktig stemme i n ...
Vis forfattarblogg
Fleire bøker frå Olaug Nilssen:
Kalender
Prinsesser og drakar   Litteraturhuset - Liv på laurdag
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no