Saman med foreldra flyttar Lea frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.
Ho møter naboguten Jonas, og dei utviklar ein vennskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om.
Ei ungdomsbok om ei jente som er flink i matematikk, men dårleg på vennskap, ei bok om å bli tvinga til å ta vanskelege val, om korleis det kjennest å falle utfor eit stup.
Frå bokmeldingar
"En ung forfatters svært godt skrevne debutroman."
Inger Østenstad,
Barnebokkritikk.no
,
"En sterk ungdomsroman fra en ny og lovende stemme. Utfor forteller historien til ungdomsskoleeleven Lea, som kommer flyttende til et lite samfunn hvor hun etter hvert skjønner at noe er veldig galt. Som tittelen indikerer står en utforkjøring sentralt i handlingen, men boka tematiserer utenforskap på flere nivåer og med en stadig stigende uhygge. Gjennom et stramt språk, treffende skildringer og en gradvis avdekking av komplekse hemmeligheter konstruerer Relling Berg en dirrende spenning i sin samtidsberetning.”
Juryens grunngjeving ved nominasjonen til Brageprisen 2011 i klassen for barne- og ungdomsbøker,
"uvanlig god. Språket er stramt, med mange gode bilder og metaforer, og få klisjeer. Persontegningene er treffende og troverdige(…)«Utfor» er en bok du gjerne kan lese i en jafs, men det tar langt mer tid å legge den fra seg."
Marie Kleve,
Dagbladet
"Relling Berg skriv rasande godt. Ho skildrar stemningar så ein kjenner det i magen når ein les."
Toril Myren,
Sunnmørsposten