Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Ungdom

Ulvetone

Ung kunstnarroman

Innbunden kr 279,-

Musikken er livet for Alise Ask, men livet er i ferd med å forandre seg. Pappas vesle pianojente er snart klar for verda, Grieghallen ventar, og det kjære pianoet må vike plassen for eit flygel ho nesten ikkje våger å røre.  

Er ho klar for dette store og nye som ventar, og alt det krev av ho? Og ønskjer ho eigentleg å forstå denne vaksne verda, full av løgner, kaos og statusjag, og der halvbrør dukkar opp frå ingenting?

Ulvetone er ein sterk debutroman om eit ungt kunstnarsinn, om musikk og famileløyndomar.

Siv Østrem Peersen
 (f. 1964), opprinneleg frå Førde i Sunnfjord, busett på Askøy. Østrem Peersen er utdanna adjunkt og har m.a. jobba som læ ...

Siste nye titlar

Med eld i hjartet
kr 279,-
I den første boka i fantasyserien Drakeguten blei Koll feira som ein helt. Han nedkjempa den fredlause Olvar Reveskinn og sikra landsbyen tilgang til skatten i drakehola. Men berre Koll sjølv veit den vonde sanninga om kva som skjedde i Søyleskogen, då han drap ein mann, og førte fleire i døden.
Utfor
kr 249,-
Saman med foreldra flyttar Lea frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.
Blod på hendene
kr 249,-
Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien.
Dystopia III
kr 229,-
I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor, Kristine og Deepika komme til Belgia.
Marki Marco
kr 129,-
Spenningsroman for ungdom. Kjærleik og action er viktige ingrediensar i denne eventyrlege thrilleren. Terje Torkildsen debuterer med denne ungdomsromanen.
Side 1 av 30
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no