Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Veslefantens reknebok
Status: I sal
ISBN: 9788252179583
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2011
Format: Innbunden


Del |

Veslefantens reknebok

Rekne- og teljebok for dei yngste

Innbunden  kr 159,-
Peikebøkene om Veslefanten har blitt svært populære, og no følgjer Camilla Lundsten opp med ei teljebok for dei yngste, midt i blinken for aldersgruppa 2‒5 år.

Dette er ei bok som inspirerer til å drive kvardagsrekning saman med barnet, og gjere talforståing og utforsking til ein leik. Alt som finst i dei nære omgivnadene til barn, kan i prinsippet teljast, målast og samanliknast, og ungar elskar å få oppgåver dei kan løyse!

 I tillegg til tal og enkel rekning vil dei lære seg om omgrep som størst og minst, ting som er like, ting med same storleik osv.
Frå bokmeldingar

"Det aller beste med Veslefantens reknebok er etter mi meining at det er ei bok som barna kan vekse med. Boka kan vere kjekk for eit lite barn som likar å peike på bilete og namngi det dei ser, men den er kanskje enda kjekkare når barnet blir eldre og ein kan gjere lesinga meir avansert ved å spørje om fargar og tal - og altså til slutt om rekning. Dei fargerike illustrasjonane og dei humoristiske innslaga gjer dette til ei bok som er kjekk og lærerik - i den rekkjefølgja."

Irene Garnes Hareide,  Nynorskbok.no
print
(f. 1972) er illustratør og designar. Nylig vann ho det svenske designrådets pris for ny design på Brios klassiske leiketøy. 
Fleire bøker frå Camilla Lundsten:
Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no