Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Biletbøker

Prinsesser og drakar

Må-ha-bok for tøffe prinsesser!

Innbunden kr 179,-

Prinsesser og drakar har alltid høyrt eventyra til. Men no er det nye tider på slotta! Prinsessene er tilkopla internett, har eigne heimesider, elektriske støvsugarar i dokkehuset og sparkesykkel. Dei klarer seg utmerkt på eiga hand og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne blir venner med dei, eller overtar jobben deira.

I denne morosame og sjarmerande boka finn du sju prinsessehistorier, eitt lite eventyr for kvar dag i veka. Perfekt for ei lesestund kvar kveld!

 (f. 1938) frå Stockholm er ein poulær svensk barnebokforfattar med meir enn 20 bøker bak seg. Ho er kjend for sitt lange samarbeid med Lena ...
Mari og Magnus flyttar inn
kr 159,-
Første boka i serien om Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3‒6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra.
Kom, la oss lage fest!
kr 229,-
Dyra i Solskinskogen liker å lage fest, og er veldig flinke til å hjelpe kvarandre. Men den dagen dei skal ha vårfest, er det mykje som ikkje går etter planen. Lesaren må rett og slett hjelpe til om det skal bli nokon fest i det heile!
Klar, ferdig, spøk!
kr 159,-
Børre er berre eit bittelite spøkelse. Han vil så gjerne spøke like bra som dei store, men er redd for skumle skogar og skremmande slott. Om han berre kunne finne eit hyggeleg lite hus å spøke i!
Veslefantens reknebok
kr 159,-
Peikebøkene om Veslefanten har blitt svært populære, og no følgjer Camilla Lundsten opp med ei teljebok for dei yngste, midt i blinken for aldersgruppa 2‒5 år.
Side 1 av 32
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no