Huck Finn er lei av den strenge opp-draginga til Douglas-enkja, men når den fordrukne og brutale far hans plutseleg dukkar opp igjen, er livet ikkje morosamt lenger. Han flyktar frå hytta i skogen der faren plar å sperra han inne, medan han drikk seg full i byen.
I lag med slaven Jim som også er på rømmen, reiser Huck på ei flåte nedover Mississippi-elva. Dei er på veg til nordstatane der Jim kan få oppfylt sin store draum om å bli eit fritt menneske. Men i staden hamnar dei midt i slaveriets rike.
Huck Finn og eventyra hans er ein verdsklassikar for både barn og vaksne. Mark Twain som sjølv kom frå ei slaveeigarslekt, og boka er eit levande vitnesbyrd om tida då slaveri og rasediskriminering prega USA.
Frå 8 år.
Frå engelsk ved Johannes Farestveit, revidert av Øystein Vidnes. Illustrert av E. W. Kemble.