Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Eplemos mot kjærleikssorg
Status: Utseld
ISBN: 9788252153392
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 1999
Format: Innbunden


Del |

Eplemos mot kjærleikssorg
Innbunden  kr 156,-
Den vesle tigeren har kjærleikssorg på grunn av Maya Papaya. Men den vesle bjørnen veit råd mot slikt: Det er eplemos som skal til!. Og så får vi oppskrift på eplemos, og utover i boka kjem det fleire oppskrifter: På kokte poteter, salat, kvitlauks-bjørnesuppe, risengrynsgraut og bekkeaure med mandelkjernesaus. I høgste grad tilrådd for tiger- og bjørnemødrer. Og for små tigrar, slik at dei kan prøve å finne seg ei sorg.

Tigeren og bjørnen er tilbake! Det Norske Samlaget gir i år ut ei ny bok med tekst og illustrasjonar av populære Janosch, fødd i Oberschlesien og med yrke som fri kunstnar sidan 1953. Tittelen på boka er "Eplemos mot kjærleikssorg". Denne gongen er det oppskrifter og mat det handlar om. Ein dag den vesle bjørnen kjem heim frå fiske, sit den vesle tigeren på golvet og græt gudsjammerleg som ei regnsky. Det viser seg at han har kjærleikssorg på grunn av Maya Papaya. Men den vesle bjørnen veit råd mot slikt: Det er eplemos som skal til!Og dermed får vi oppskrifta på eplemos - og utover i boka kjem det fleire oppskrifter: På kokte poteter, salat, kvitlauk-bjørnesuppe, risengrynsgraut og bekkeaure med mandelkjernesaus. Korleis ein lagar desse rettane for sjela - det er kunsten. Ei herleg Janosch-bok til glede og nytte!

Mange vil kjenne att Janosch-figurane frå Barne-TV.

Boka er omsett frå tysk av Ragnar Hovland.

print
Pseudonym for Horst Eckert. 
Fleire bøker frå  Janosch:
Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no