6-9 år
Kråkestupfamilien består av mamma og pappa og tre par tvillingar, pluss gamle onkel Sigurd, som bur saman med dei i det nesten falleferdige huset. Det finst det berre eitt hus til i nabolaget, og der har det ikkje budd nokon sidan onkel Sigurd var barn. Men ein dag får dei yngste tvillingane mistanke om at nokon har flytta inn.
Kari Smeland har skapt eit eventyrleg univers, der ”Alt som kan skje når fiskesuppa koker over, skjer”, som det heiter i ei av dei fantasifulle kapitteloverskriftene. Utforskinga av nabohuset bind saman eit vell av absurde hendingar og boka er med sine frodige påfunn og formuleringar ein fryd å lese høgt. Godt skriftbilde og illustrasjonar gjer ho lett å lese også for barna sjølv frå 7-10 år.
Illustrert av Mona Brekke.
(f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark og bur i Oslo. Ho har ein bachelor i historie- og samfunnvitskap og jobbar som bibliotekar. Familien Kråkes ...
Siste nye titlar
kr 199,-
Harry og Ivar er to karar i sin beste alder, og no har dei starta detektivbyrå. Når skrinet med Leonardo da Vincis store løyndom blir stole frå bymuseet, får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei til.
kr 179,-
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Nominert til Brageprisen 2005!
kr 199,-
Visste du at silke er laga av ormespytt og fleece av resirkulert plast? Eller kor mange sauer ein treng for å få ull nok til eit sofapledd?
kr 199,-
Denne gongen har Harry (bombe!) fått ein grandiosa idé: å trylle fram ein julekveld i april.
kr 249,-
Dette er lydbokversjonen av Tonje Glimmerdal, romanen som vann både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2009!
kr 249,-
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. No får du den hjartevarme romanen Vaffelhjarte på lydbok!
Side 1 av 14