Torkildsen kan vinne Uprisen for andre gong
Dystopia III prisnominert

01. JANUAR:
Terje Torkildsen som tidlegare har vunne Uprisen for debutboka Marki Marco er nok ein gong nominert til den prestisjefulle prisen som vert delt ut på Lillehammer i mai. Det er ungdommar frå heile landet som stemmer fram vinnaren.
Torkildsen er nominert til prisen for boka Dystopia III. Dette er den tredje boka i spenningsserien om seks syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne.
I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor, Kristine og Deepika komme til Belgia.
Utmatta etter vandringa gjennom det katastroferamma landskapet, finn dei til slutt ly i slottet til markien av Moulindam. Men ikkje før dei har komme seg i hus, begynner dramatiske ting å skje: Kokka blir funnen drepen, og det er uråd å få tak i hjelp ettersom telefonen ikkje verkar.
Det blir opptakten til eit klaustrofobisk drama i rein cluedostil, der den eine etter den andre blir mistenkt, og fleire liv går tapt på vegen. Og midt i det heile skjønar Kristine at ho er gravid, og den elles så tøffe jenta balanserer på grensa til kva ho kan tole.
Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå ca. 14 år og oppover.