Konkurranse!
Vinn den herlege gåveboka Søsken!

15. DESEMBER:
Kva er DITT beste/verste søskenminne? Del ditt minne med oss i kommentarfeltet nedanfor og ver med i trekninga av gåveboka Søsken! Vi trekkjer 5 vinnarar den 5. januar.
Takk for alle minne! Vi har trukke 5 vinnarar:
Lina Taule Fjørtoft
Kriss Stemland
Mari Mette Eriksen
Ida Lind
Ingrid Vik Strandli
Gratulerer! Send inn adressa di til e.nome@samlaget.no, så får du snart bok i posten!
Søskenforhold er eit grunnmotiv i litteratur og kunst, eit motiv som er nært knytt til store tema som kjærleik, sjalusi, tilhøyring og identitet. Boka Søsken undersøkjer søskenskapet frå ulike perspektiv: personleg, etymologisk, naturvitskapleg, skjønnlitterært og visuelt. Boka er eit samarbeid mellom Samlaget og tidsskriftet Ratatosk.
Nokre søskenminne frå boka:
2. juledag 1997
Det er ein kjedeleg dag. Guri påstår at ho er sjuk. I horoskopet hennar står
det at ho skal vera kreativ og barnsleg. Så eg spurte ho om ho ville vera med
på noko. «Nei, e vill helan gå å legge me». Også ringte Mildrid og spurte
om ho vilde vera med på puben i kveld. Å ja da, da var ho heilt frisk att. Eg
har funne eit passande motto for Guri, «venner framfor alt». (Særleg meg).
(Sigrid 12 år)
Kjersti: Eg hugsar da Ingrid var baby. Eg brukte Ingrid som ein kosebamse, omtrent. Om eg var litt trøtt og lei, så la eg Ingrid i leikegrinda, og så låg eg der og trøsta meg litt med ho.
07.06.01
Fikk sånn jule-, Mary Coughlan-, melankolskfølelse da æ va på jobb på søndan. Sist æ servert der, va de julebord, Kjersti kom heim om natta, å æ å Erling satt opp å venta på a. De va snart juleferi, å æ vart syk. Kjersti tok et teppe rundt mæ, henta vatn å paracet å va kjempesnill. (Ingrid 16 år)

Ratatosk: Kan du fortelja eit søskenminne frå barndommen?
Hans Kristian Solbu: Det må bli julaftan. Vi ungane fekk ikkje sjå juletreet før om kvelden på julaftan. Etter at vi hadde ete kveldsmat, skulle vi gå ut på kjøkkenet og stille oss opp i mørkret. Så skulle mor (og far) tenne alle lysa (vi hadde levande lys på treet), og så skulle vi koma inn til lyset frå mørkret. Tradisjonen var at vi skulle stille opp med den minste fremst og den eldste bakarst. Spenninga og den godlynte knuffinga mens vi fann plassane våre i mørkret, var herleg."