Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Fire systrer 1

Lagt inn: måndag 12. september 2011

Ein dramatisk føljetong i sju delar frå Ratatosk litterært byrå

 Fire systrer

Eit rekkjehus i Asker, andre vårmånad, år 1992

Ei svart smijernslampe heng frå taket. Ho kastar ljos på eit brodert sitat på veggen: ”I dag begynner resten av ditt liv”. Ein mørkeblå, blomstra sofa. Furubord. Gul og oransje tapet med svampetrykk. Brystpanel. Her bur Fire Systrer. Du hugsar vel dei? Mirakelsystrene? Guds fire gåver? Dei som vart fødde på tross av alt? Ringer det ei bjelle?
Du las sikkert om familien Solbot i Norsk Ukeblad eller Illustrert Vitenskap på 70-talet. Foreldra var begge over 60 da dei endeleg fekk eit barn. Og dei ga seg ikkje. Dei sette til verda tre ungar til over ein åtteårsperiode. Da den yngste kom til verda ein kald haustdag i 1978 var det berre to veker att til mora var 70. Litt seinare fekk foreldra tak i ein pensjonistbolig på solkysten i Spania og overlét ungane til sin eigen skjebne.
Nå, på starten av nittitalet, lever foreldra framleis i beste velgåande i Spania, medan søskenflokken bur saman og tek vare på kvarandre i rekkjehuset.
 Ingen legar, psykologar, forskarar eller ekspertkommentatorar har nokon gong funne forklaringa på korleis mor Solbot klarte å vera fruktbar etter menopausen. Herr og fru Solbot har ei hemmelegheit. I memoarane sine har dei skrive forklaringa svart på kvitt. Men ingen veit kvar memoarane er gøymde. Solbots spanske advokat har nøkkelen til ein bankboks der testamentet deira ligg. Der står det kven som skal arve memoarane, og kvar memoarane er. Den eldste systera, Gudfrid, reknar med at det er ho som kjem til å arve nedteikningane ved foreldras framtidige død.

Tande P: Hjertelig velkommen te Studio 2. Og … siden sist, Martin, så har du vært på høstferie, din heldiggris.
Lille Martin: Ja, jeg har vært i Namsos.
Tande P: Det e et bra sted å vær.
Lille Martin: Ja.
Tande P: Hvorfor har du vært der, da?
Lille Martin: Jeg besøkte slektningene mine.
Tande P: Har du trønderslektninga?
Lille Martin: Ja, det har jeg.
Tande P: Jøss, så flott. Og så har du lært dæ trøndersk, går det rykter om.
Lille Martin: Ja, det e itj så vanskelig det, sjø. (Latterbrøl fra salen)
Tande P: Nei, det ska vi komtebakete …

Det er laurdag i Asker. Tande På Programmet står på. Sigfrid ligg klistra til skjermen og et godteri. Dei to systrene i midten lever òg eit slaraffenliv i stoveseksjonen. Men eldstesyster Gudfrid må som vanleg ta seg av forfallande arbeid. Ho vaskar opp, lagar pizza, svarar på eit brevkurs i organisasjon og leiing og strikkar eit skjerf. Plutseleg gjer Kjerfrid, den nesteldste, ein uvanleg manøver. Ho går ut med søpla og tek med seg inn posten. Gudfrid blir forbausa over dette. Ho ser på Kjerfrid med eit oppgitt blikk som seier ”dette er mine oppgåver, dette er storesysteransvar”. Kjerfrid skal til å svare med eit enda skeivare blikk som seier ”det kan du berre dr …”, men blikka deira frys til. Plutseleg ser ho systera si som for fyrste gong. Etter dette blikket blir ingenting som før. I kor utbryt dei: ”Åherreguuuud! Vi er jo einegga tvillingar!” Dei omfamnar kvarandre.
Gudfrid fortset med brevkurset. Midt i oppgåveløysinga stoppar ho. Sjokket sig inn i ho, det set i gang eit ras med spørsmål: Kven er nå eldst? Kven skal nå arve arven? Shit pommes frittes. Ho møter blikket til Kjerfrid att, og ser at ho tenkjer det same. Dei fire tvillingaugo får ei farge av stål.
 Kjerfrid kastar seg over telefonen og tingar ei samtale til Spania. Ei skjelvande stemme svarar ”Holaaaa? Hablas con la senorita Solboooot! Quien es?” ”Mamma, det er meg, den såkalla andrefødde dotter di. Men er eg eigentleg det, mor? Gje meg sanninga. Nå! Sanninga og sola!” Mora svarar: ”Bueno. Lat meg tenkje meg om. Jo, slik var det. Den eldste er …”

     ¤

Kva svarar mor Solbot i telefonen? Kven er eigentleg eldst av dei to systrene? Kven har loge om tvillingskapen? Er det foreldra eller er det Gudfrid? Kven får arve memoarane, og kva står det der? Kva har lille Martin med saken å gjera, og kvifor har han eigentleg vore i Namsos? Kven er det fjerde søskenet, den usynlege i midten, som vi gløymde å introdusere? Følg med i denne spennande føljetongen!

Kom i stemning medan du ventar på neste kapittel - klikk her

 

Legg til kommentar

 
 

 

 

Kommentarar

Søstrene Botheim og Solbu
Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) bur i Trondheim. Ho er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Sigrid Sørumgård Botheim (f. 1985) bur i Oslo. Ho ...
Aktive samlags-bloggarar
Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no