Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Fire systrer 2

Lagt inn: fredag 23. september 2011

Framleis andre vårmånad år 1992, Asker

Resymé av førre kapittel av Fire systrer: Dei fire systrene Solbot bur åleine i eit hus i Asker. Foreldra, som gjorde seg til kjendisar da dei fekk det fyrste barnet sitt i ein alder av 60 år, har flytta til Spania og overlate systrene til seg sjølve. Gudfrid, den eldste systera, reknar med å arve foreldras memoarar der svaret på befruktingsgåta står. I førre episode oppdaga systrene Gudfrid og Kjerfrid at dei er tvillingar. Men kven er eigentleg eldst? Kven står fyrst i arverekkjefølgja? Dei ringjer mor Solbot i Spania for å få svar. Da førre episode slutta, skulle mor Solbot akkurat til å avsløre hemmelegheita.

Kjerfrid si hand er klam og glatt i det krampaktige grepet om telefonen. Dessverre er mor Solbot litt for godt integrert der nede i Spania. Ho svarar: «Den eldste er ... Bolero compasa bajesa. Los pantalonitos! Manchiago, flamenco, paragua havana banana. No way, José. Men over til noko anna og mykje viktigare. Er det ikkje neste søndag at syster dykkar, Ingfrid skal konfirmerast? Korleis går det med førebuingane? Hugs å kjøpe gåve og bestille koldtbord. Kjøtbollar med hjort. Mazda la vista, kidz.»

Gudfrid går i sjokk, dette har ho gløymd. Ho ropar i fortvilelse: «Shit jesuitt! Dette har Ingfrid sagt ingenting om. Kvar er ho eigentleg? Eg har ikkje sett ho på ei veke.» «Eg er her. Eg har vore her heile tida» kjem det frå djupet av sofaen. Det er Ingfrid, den tredje systera som vi gløymde å introdusere i førre episode. Ho sit i ein krok og les boka Tyskertøs i serien Fire Søsken av Willy Ustad. Ho har på seg ein genser som går i eitt med tapeten.

Ingfrid_Søsken

Søndagen etter. Den store konfirmasjonsdagen.
Etter seremonien i kyrkja er det koldtbord heime hjå systrene. Eit utval perifere slektningar, naboar og lærarar snik rundt buffeen under smijernslampa.

På gåvebordet:
Klokkering
Smykke i lêrreim med bokstavane I N G F R I D
Firemanns tunneltelt
Adidasbukse med knappar
Hårmascara
Kassett med Nirvana - Nevermind
Walkman
Billett til konsert med Michael Jackson på Valle Hovin
Scorpiusskjerf
Doc martens-sko
VHS med Tande på programmet (ekstramateriale med lille Martin)

Ingfrid er glad og gira og forsyner seg grovt av den røkte laksen. Kjerfrid går heller for litt agurksalat, før ho plingar på glaset for å halde ei tale. Forsamlinga stilnar. Kjerfrid trekkjer pusten djupt, men når ho opnar munnen kjem berre oppkast ut.

Å nei! Kvifor er Kjerfrid dårleg? Er ho så nervøs at ho kastar opp? Eller er det matforgifting? Kvifor åt ho ikkje av den røkte laksen? Og kva har eigentleg Lille Martin med saken å gjere?

Medan du ventar på diagnosen, gler Ingfrid seg til dette:
http://www.youtube.com/watch?v=VbCuZgPVvP4

 

Legg til kommentar

 
 

 

 

Søstrene Botheim og Solbu
Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) bur i Trondheim. Ho er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Sigrid Sørumgård Botheim (f. 1985) bur i Oslo. Ho ...
Aktive samlags-bloggarar
Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no