Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Einar Sæter

Einar Sæter (f. 1917) er ein legendarisk pressemann på Nordmøre, der han mellom anna starta avisa Driva i 1971. Han har skrive ei rekkje faglitterære bøker, både for den lokale og nasjonale marknaden. Einar Sæter var agent i etterretningsorganisasjonen XU under krigen. Boka XU. I hemmeleg teneste 1940-1945, skriven i samarbeid med sonen Svein, kom i ny utgåve på Samlaget våren 2007.

print

Fleire bøker frå Einar Sæter

XU (2. utg)
kr 400,-
Ny utgåve av boka om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen. Denne djupt hemmelege organisasjonen kartla i detalj tyske anlegg og tropper i det okkuperte Norge, og hadde fleire agentar inne i Hitler-Tyskland. Ein av dei, Sverre Bergh, avslørte utviklinga av banebrytande tyske rakettvåpen (V2) og leverte sentrale rapportar om det nazistiske atomvåpenprosjektet.
Hans Hyldbakk : samtale med ein 100-åring
kr 300,-
Hans Hyldbakk er lokalhistorikar, lyrikar og forfattar, og er kanskje mest kjend for diktet Vårsøg. Husmannssonen Hyldbakk debuterte i 1918 og slo igjennom på landsplan som 75-åring. Det er som småkårsfolkets historikar han har vore banebrytande. Med bibliografi.
kr 307,-
Boka fortel historia om XU, den hemmelege etterretningsorganisasjonen i det okkuperte Norge. XU var knytt til Forsvarets Overkommando i London, men var leia av sivile kvinner og menn. Organisasjonen hadde om lag 1500 agentar i Norge, og fleire norske agentar i Tyskland. XU kartla alle tyske festningsverk, anlegg og kommunikasjonar. XU er ukjent for nordmenn flest, delvis på grunn av den strenge teieplikta som vart oppheva først i 1988. Har oversikt over kjelder, litteraturliste og namneregister. Historia om XU blir her fortald av far og son; Einar var sjølv XU-kurer. For nordmenn flest er dette heilt ukjent stoff, dels fordi teieplikta har vore svært streng.

Siste bok

XU (3. utg)
kr 149,-
Den djupt hemmelege organisasjonen XU kartla i detalj tyske anlegg og tropper i det okkuperte Norge, og hadde fleire agentar inne i Hitler-Tyskland. Ein av dei, Sverre Bergh, avslørte utviklinga av...