Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Olaug Nilssen
Foto: Lars Myhren Holand

Olaug Nilssen

(f. 1977) debuterte med romanen "Innestengt i udyr" i 1998, og har sidan skrive fleire bøker i ulike sjangrar og utmerkt seg som ei tydeleg og viktig stemme i norsk litteratur. I 2004 blei ho kåra til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år i Noreg av Morgenbladet.

Nilssens andre roman, Vi har så korte armar, kom i 2002 og er komponert som ei samling med tilstandsrapportar. Boka er blitt omsett til fransk. I 2004 gav Nilssen ut barneboka Ronnys rumpe, og i 2005 kom essaysamlinga Hybrideleg sjølvgransking. Romanen Få meg på, for faen kom seinare same år og markerte eit gjennombrot for Nilssen. For boka fekk ho både Bergensprisen og Sunnmørsprisen i 2005. I 2006 blei ho som 27-åring den yngste festspeldiktaren nokon sinne under Dei nynorske festspela.

Nilssen opplevde stor suksess på Rogaland teater i 2006 med stykket Skyfri himmel, der ho samarbeidde med Bjørn Eidsvåg. Teaterversjonen av Få meg på, for faen blei spelt for fulle salar på Det Norske Teatret i 2007. I 2009 gav Nilssen ut portrettboka Nesten frelst av Sigvart Dagsland.

Nilssen har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen og vore elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, der ho seinare arbeidde som akademileiar. Ho har òg vore tidsskriftredaktør i Kraftsentrum og Vagant, nestleiar i Norsk Forfattarsentrum og er frå 2010 medlem av Norsk Kulturråd.

Olaug Nilssen er frå Solheimsdalen i Førde og bur no i Bergen.

print

Fleire bøker frå Olaug Nilssen

Vi har så korte armar
kr 129,-
Vi har så korte armar er ei svært humoristisk og original forteljing om Ølgjer og Liv, om å vekse opp på ein liten plass, kome til ein litt større by og å leite etter kjærleiken.
Nesten frelst av Sigvart Dagsland
kr 379,-
Kva er det med Sigvart Dagsland som gjer han til ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg? Dette prøver Olaug Nilsen å finne ut av, og ho gjer det på ein original måte i denne første portrettboka om artisten.
Få meg på, for faen (2. utg)
kr 129,-
Sebjørn og kona hans har åtte døtrer. Denne store familien bur i Skoddeheimen, der Sebjørn driv ein kolonialforretning, og kona er frustrert over å vere heime. Ho ønskjer å bli noko, og tek seg arbeid på nepefabrikken. Alma og Artur er unge. Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere. Ei ung jente arbeider som vaskehjelp, og i tankane drøymer ho om å bli intervjua av ein TV-stasjon.
Få meg på, for faen
kr 350,-

Vi har så korte armar (billigbok)
kr 129,-
Vi har så korte armar er ei svært humoristisk og original forteljing om Ølgjer og Liv, om å vekse opp på ein liten plass, kome til ein litt større by og å leite etter kjærleiken.
Hybrideleg sjølvgransking
kr 250,-
I denne boka har forfattaren Olaug Nilssen samla tekstar, artiklar og essay skrivne i løpet av dei siste sju åra. Det handlar om å vere i tvil og å vere engasjert, og Nilssen tvilar på både Gud, språket og vedtekne sanningar. Ho skriv begeistra om litteraturopplevingar og ho skriv sjølvrettvist sutrande, men ektefølt om kvinner, nynorsk og den helvetes hovudstaden.
Vi har så korte armar
kr 299,-
Vi har så korte armar er ei svært humoristisk og original forteljing om Ølgjer og Liv, om å vekse opp på ein liten plass, kome til ein litt større by og å leite etter kjærleiken.
Innestengt i udyr
kr 250,-
I denne langt frå tradisjonelle romanen møter vi bl.a Griseline frå Fabuland og Guru frå Legoland, to svært ulike figurar. Russetid og studieliv i Bergen utgjer rammehistoria. Her er til dels groteske skildringar av eg-personens problematiske forhold til mat, menneskas angst for kvarandre, og forakta for dei svake.

Siste bok

Få meg på for faen
kr 129,-
Sebjørn og kona hans har åtte døtrer. Denne store familien bur i Skoddeheimen, der Sebjørn driv ein kolonialforretning, og kona er frustrert over å vere heime. Ho ønskjer å bli noko, og tek seg...
Kalender
Ragnar Hovland:   60 år i svevet!
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no