Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

T. Hellesen

(f. 1973) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Noko av deg lever andre stader i 2005, og har sidan skrive bøker både for vaksne og barn.

I romanen Akselerare frå 2006 blir vi tekne med til eit mørkt og gåtefullt univers, der ein jazzspelande naturfaglærar frå Sverige opplever ei krise. Romanen Soma kom i 2008, og handlar om pressefotografen M, som arbeider med eit materiale for å sleppe unna fotografiets overflate og fasthalding av tilværet. I eit sterkt og ekspressivt språk viser Hellesen i begge desse bøkene sitt store talent til fulle.

Hellesen debuterte som barnebokforfattar i 2008 med Kvalen Blå dansar salsa. Dette er ei vill og morosam bok som tematiserer lengt og det å dele livet med nokon på godt og vondt.

Hellesen er busett i Bergen.

print

Fleire bøker frå T. Hellesen

Kvalen Blå dansar salsa
kr 59,-
Kvalen Blå er dritlei av havet. Ein basill er lei av kroppen han bur i. Ein døv gut er lei av å vere annleis. Kven hadde trudd at desse tre skulle ende opp saman på eit diskotek?
Akselerare
kr 300,-
I eit sterk og ekspressivt språk skriv T. Hellesen fram eit mørkt og gåtefullt univers. Prosjektet er avansert og ambisiøst, prega av eit høgt refleksjonsnivå, og i sjeldan stor grad verd å lese.
Noko av deg lever andre stader
kr 250,-
T. Hellesen (f. 1973) frå Florø debuterer med ei sterk, ekspressiv og rytmisk diktsamling som i gjennom den poetiske handlinga utforskar språkets meiningsberande kraft: korleis kan ein språkleg kome i kontakt med eit "viretuelt" felt, staden der liv og dikting kanskje fell saman, men som likevel er umogleg å nå - utan ei endring, ei rørsle? Noko av deg lever andre stader er ei poetisk handling snarare enn ei hending.

Siste bok

Soma
kr 329,-
Ein pressefotograf, kjend under signaturen M, arbeider med eit materiale for å sleppe unna fotografiets overflate og fasthalding av tilværet. Han sporar opp eit miljø som gjennom smerte søker...

Litterære prisar

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no