Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Ragnar Hovland
Foto: Herborg Pedersen

Ragnar Hovland

(f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.

Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar og blei raskt ein sentral forfattar utover i 1980-åra. I suveren, slentrande stil skreiv han befriande humoristisk om livet på ville vestlandsvegar, med hyppige og burleske referansar til popmusikk og film. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirerte av hans måte å bruke humor, ironi og intertekstualitet på.

I Hovlands kanskje mest kjende roman, Sveve over vatna (1982), er handlinga lagd til Bergen og universitetet. Her dukkar Dr. Munk for første gong opp i forfattarskapen, og sidan har denne anarkistiske sauebonden, fylliken og rytmegitaristen ridd forfattaren som ei mare. Dr. Munk er ein typisk representant for dei styrlause vestlendingane som har det med å dukke opp når ein minst ventar det i Hovland sine bøker.

Blant Hovlands mange populære bøker er det verdt å trekkje fram Sjølvmord i Skilpaddekafeen (1989), som han fikk Melsomprisen for, Ein motorsykkel i natta (1992), som vant Brageprisen, Ei vinterreise (2001), som blei tildelt både Kritikarprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris, og Fredlaus (2006), som fekk Norsk litteraturkritikerlags barnepris og Kritikarprisen. Det er dessutan vanskeleg å komme utanom jubileumsboka Åleine i alpane (1999), der Hovland markerte sitt eige 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut heile 20 bøker i eitt band.

Hovland har, ved sida av sin eigen originalproduksjon, gjort ein stor innsats som omsetjar og gjendiktar. For nyomsetjinga av Roal Dahls Georgs magiske medisin fekk han Bastianprisen i 2008. Hovland har òg ei lang karriere som musikar bak seg, m.a. som keyboardist og vokalist i bandet Dei nye kapellanane. Han var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 1997 og under De litterære festspillene i Bergen i 2008.

Hovland er fødd i Bergen, og voks opp fleire stader på Vestlandet. Han er utdanna cand.philol. med fransk hovudfag frå Universitetet i Bergen, og bur no i Oslo.

print

Fleire bøker frå Ragnar Hovland

Bjørnen Alfred og Hunden Samuel forlèt Pappkartongen (3. utg)
kr 199,-
Teddybjørnen Alfred og tøyhunden Samuel ligg i ein pappkartong på loftet i eit tomt hus, saman med andre leiker. Ein dag vaknar dei, og skjønar at dei dei må ut av huset og ut på Storevegen og finne att Ole-Martin, som eigde dei, og Gerhardsen.
Kunsten å komme heim
kr 359,-
Over 20 år etter essayboka Konspirasjonar (1990), er Ragnar Hovland tilbake med ei ny samling. Her møter vi lesaren og formidlaren Hovland på sitt beste.
Sjølvmord i Skilpaddekafeen
kr 129,-
Boka er garantert fri for psykologisering, men er til gjengjeld fylt av sterke scener, kjærleik, tomme kafear og skilpadder.
Under snøen
kr 129,-
Eit avsidesliggjande, forfallent hus med mange rom er bustaden til den unge organisten Stefan og ei brokete samling personar som litt etter kvart har flytta inn der. No er dei alle innesnødde. Og det skaper problem for alle så nær som Den Gamle, som fann på å døy etter at snøen kom, men før han fekk lagt ifrå seg Playboy og gøymt nøkkelen til skrinet med dei 450 000 kronene og testamentet.
Dr. Munks popleksikon
kr 329,-
Dette er boka som heile pop-Norge har venta på: ei nærmast fullstendig oversikt over Ragnar Hovlands platesamling. Frå dei første perlene frå Ønskekonserten via tysk post-punk til den klassiske hip hop-singelen «Double Trouble Remix».
Sveve over vatna - spesialutgåve
kr 379,-
Ragnar Hovlands Sveve over vatna blei gitt ut første gang i 1982. Denne spesialutgåva er 5. utgåve av boka, og inneheld teikneserieintervju av Steffen Kverneland i alkoholromantisk mongorealisme.
Fredlaus (2. utg)
kr 149,-
Då Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg, forlèt han dei og systrene sine og går ut i skogen. Der slår han seg til i huset til Dobbel-Aksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan.
Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (2. utg)
kr 149,-
Ei ellevill samling dikt for barn, men òg ei bok for vaksne! Identitetsspørsmål, eksistensiell kjennskap og den uendelege fridommen er nokre av dei tinga det blir skrive om.
1964 (2. utg)
kr 129,-
Som vanlig bevegar Hovland seg mellom ulike populærkulturelle fenomen som musikk og film i ein forrykande oppvekstroman som overgår det meste. Boka tek pulsen på året.
Fredlaus
kr 239,-
Då Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg, forlèt han dei og systrene sine og går ut i skogen. Der slår han seg til i huset til Dobbel-Aksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan. KRITIKARPRISEN 2006!
1964
kr 379,-
Som vanlig bevegar Hovland seg mellom ulike populærkulturelle fenomen som musikk og film i ein forrykande oppvekstroman som overgår det meste. Boka tek pulsen på året.
Utanfor sesongen (3. utg)
kr 129,-
Utanfor sesongen er ein kriminalroman litt utanom det vanlege, ei bok der folk dør for mykje og ingen likar det.
Paradis / Eline og Julie tar ferja
kr 149,-
Romanane Paradis (1991) og Eline og Julie tar ferja (1994) har lenge vore utilgjengelege. Her kjem dei på ny, i eitt bind.
Åleine i Alpane (2. utg)
kr 129,-
Førsteutgåva av Åleine i Alpane var eit stort løft. 20 mangfaldige bøker i eitt: Roman, noveller, ei ekte dagbok, ei minnebok, teikneseriar, gjendiktingar, film, skodespel, essay, aforismar – nokre stutte, andre lange, men alle hadde ein ting til felles: Dei var gjennomsyra av forfattarens uforliknelege fantasi og merkte av hans særeigne skriveklør.
Elefantmusikken
kr 149,-
Billigbokutgåve av boka der teksten til Odd Nordstogas kjempehit "Kveldssong for deg og meg" første gong stod på trykk.
Dr. Munks testamente (2. utg)
kr 129,-
Hovudpersonane frå Sveve over vatna, Munk, Waglen og Forteljaren, møtest igjen etter 15 år. Waglen er familiemann og videohandlar i Sogn, med kannibalfilmar som spesialitet, Forteljaren er lektor og familiemann, medan Munk har arva småbruk, "driv med sau", held hund og har eigen nærradio.
Norske gleder
kr 250,-
Ei raus bok som minner lesaren på kva som betyr noko i livet. I denne boka gir forfattaren oss sine favorittgleder, underhaldande formidla med mykje humor, ein passe dose nostalgi og overraskande observasjonar
Sveve over vatna (4. utg)
kr 129,-
"Humoren er rå og avvæpnende og får meg til å trekke inn alle pigger og legge meg åpen for triste og sentimentale ting. Den får meg med 100%." Are Kalvø, Aftenposten
Ein motorsykkel i natta (2. utg)
kr 149,-
Hovudpersonen i Ein motorsykkel i natta er ein foreldrelaus gut som bur saman med ein forfylla onkel i eit falleferdig hus. Jentene trur han lever eit eventyrleg liv, dei veit ikkje betre. Broren har reist sin veg, men ein dag kjem lyden av motorsykkelen hans nærmare. Alt må bli annleis. Ute på vegane er det heilt andre lover som gjeld og alt er mykje farlegare.
Ei vinterreise (2. utg)
kr 129,-
Vinnar av kritikarprisen 2001."En av Ragnar Hovlands merkeligste - og fineste - bøker. I tillegg til humoren, de underfundige detaljene og de beske, men samtidig varme replikkvekslingene, er det et vemod, en mystisk smerte og et melankolsk savn over beretningen.
Ei vinterreise
kr 400,-
Ei vinterreise inneheld to forteljingar på same tid å ei fiksjonshistorie og ei "dokumentarisk" sjukdomshistorie.
synd.no
kr 0,-
Keisemd, sinne, gjerrigskap, hovmod, begjær, misunning, fråtsing.- Ein moderne og annleis antologi.- Korte, presise refleksjonar og observasjonar om sentrale aspekt ved det moderne tilværet.- Seks skjønnlitterære forfattarar og ein prest set dødssyndene inn i samtida vår.- Tekstane er bilete av vår tidsånd og levemåte.
synd.no
kr 300,-
Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt?
Emil og kaffikokaren : roman
kr 189,-
Emil budde i eit vanleg hus, og han hadde ein far og ei mor som såg heilt vanlege ut. Av og til såg Emil folk han ikkje kjende på vegen. Seinare fekk han alltid vite at det hadde vore heilt vanlege folk. Dette var sjølvsagt før Kaffikokaren dukka opp.
Vegen smal og porten trang (2. utg)
kr 99,-
Hovudpersonen i forteljingane gjennomlever barne- og tenåringsstadiet i glansen frå rockekongar frå Fusa eller som Dei siste beatpoetane i Midthordland. Forfattaren løyser pubertetsproblema med munter erotikk, får heltane tek snøggbåten til Bergen. 2. utgåva
Åleine i Alpane : 20 bøker
kr 500,-
Her får du 20 ulike bøker mellom to permar: roman, skodespel, film, aforismar, dikt, falske minnebøker og ekte dagbøker, artiklar, essay, vitsar m.m. Dei er alle gjennomsyra av forfattarens uforliknelege fantasi og merkte av hans særeigne skriveklør.
Waterloo
kr 250,-
Ei reisebok, innover og tilbake, med Radio Luxembourg og Melodi Grand Prix som leietråd, tek oss med sørover i Europa. Dei tre forfattarane har skrive ei ny særeigen reisebok. Her møtte Napoleon sin lagnad. Og her måtte vi vår. På vår eigen indre marknad. På slagmarka der tonane frå Radiostasjonen gjekk sigrande ut. Stasjonen der vi steig på for aldri å vende tilbake. Tidlegare har forfattarane gitt ut country-reiseboka: Langs kvar ein veg, og den musikalsk-litterære reiseboka frå Irland: Vegen til Navan. Illustrert.
kr 200,-
Ei innføringsbok om våre norrøne gudar og heltar, om ulike versjonar av mytane og skapingssoga. Boka er leksikalsk redigert, med sterk vekt på god og sakleg attforteljing frå kjeldene. Framstillinga har eit klart pedagogisk og strategisk grep på stoffet for å nå ut til flest mogleg lesarar, men går aldri av vegen for meir muntre karakteristikkar. Ei kortfatta framstilling av livet og personlegdomen til dei viktigaste norrøne gudane, innramma av universets historie frå opphavet til enden. Med gjengiving av nokre av dei mest kjende mytiske forteljingane. Har litteraturliste og stikkordsregister.
kr 200,-
Ei samling dikt for barn - mykje om identitetsspørsmål, eksistensiell kjennskap, den uendelege fridomen og det utholande lette. Men barna som les, opplever ikkje slike vanskelege temaproblem. Dei vil glede seg over dei morosame og overraskande påfunna til forfattaren, med språkleik og nonsens-språk. At forfattaren sjølv har illustrert boka i same ånd som han har dikta, gjer ikkje boka mindre tiltrekkjande!
kr 90,-
Ny praktutgåve av kultboka frå 1993! Den uforliknelege historia om dei to melankolske tøydyra skaffa forfattaren Noregs Mållags barnebokpris, nominasjon til Brageprisen - og er no omsett til dansk, svensk og tysk. Boka blir ei hovudsatsing på det tyske forlaget denne hausten, og det er den populære tyske teiknaren Peter Schossow som har gjennomillustrert også vår utgåve. Bjørnen og hunden (oppkalla etter Alfred Jarry og Samuel Beckett) som dreg ut i verda på leiting etter eigaren sin, vil få ein endå større skare av varme venner når denne boka spring ut!
kr 303,-
Her møter vi att hovudpersonane frå Sveve over vatna frå 1982. Det er Munk, Waglen og Forteljaren som møtest etter 15 år. Waglen er blitt videohandlar i Sogn med kannibalfilmar som spesialitet, Forteljaren er lektor og Munk "driv med sau" og har eigen nærradio.
Vegen til Navan
kr 250,-
Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland, der forfattarane følgjer i Joyces fotefar i Dublin og dreg ut på vegane, til Doolin og Drumcliff - og til det mytiske Navan. Med smånoveller, dikt og songar, intervju, sitat og fotografi gir forfattarane sitt bilete av landet, med irsk øl til.
kr 250,-
Den første boka med Dikt for deg kom ut for ti år sidan, blei mykje brukt i skulen og fort utseld. I år har 25 norske diktarar, frå Arnljot Eggen til Ann Kavli, laga ei ny diktbok, som nok vil forsvinne like fort som den første. Her er både rim og regler og modernistiske tekstar, og her vil kvar lesar finne sine dikt. Inger Lise Belsvik har illustrert boka på ein sprelsk og oppfinnsam måte, både respektfullt og utfordrande overfor diktinga.
kr 99,-
Romanen inneheld ei rekkje surrealistiske innslag om kvardagslege og fantastiske menneske. I ei verd av svart humor og livsglad vanvit lever hovudpersonen i boka eit liv der politikk, erotikk og musikk spelar ei sentral rolle.
Eline og Julie tar ferja
kr 250,-
Med hjelp frå barndomsvenninna Julie og privatdetektiven Herman, prøver Eline å finne ut kvifor kjærasten hennar, politimannen Ivar Martinsen, vart skoten.
Alltid fleire dagar      : Mercedes
kr 200,-
To romanar om ungdom. I debutromanen Alltid fleire dagar møter vi ei rekkje tenåringar. Blant personane er og ein katt som interesserer seg for westernfilmar. Moderne musikk toler han ikkje. Det gjer derimot fire unge menn, som og har sans for jenter og brennevin. Om å vekse opp frå gut til mann. I Mercedes møter vi 14 år gamle Pål. Mora forsvinn etter at faren har prøvd å treffe henne med kaffikanna. Påls nye situasjon er ikkje enkel å takle. Men så møter han Mercedes.
Ein motorsykkel i natta
kr 300,-
Hovudpersonen i Ein motorsykkel i natta er ein foreldrelaus gut som bur saman med ein forfylla onkel i eit falleferdig hus. Jentene trur han lever eit eventyrleg liv, dei veit ikkje betre. Broren har reist sin veg, men ein dag kjem lyden av motorsykkelen hans nærmare. Alt må bli annleis. Ute på vegane er det heilt andre lover som gjeld og alt er mykje farlegare.
kr 300,-
Ein morgon fann Anders eit brev frå Salamanderen der det stod at han hadde reist sin veg, og at Anders ville forstå om han tenkte seg om. Anders tenkte seg om og forstod, men kunne ikkje godta å miste vennen sin. Dermed drog han ut for å leite etter Salamanderen. Even Stormoen les.
kr 103,-
Lakonisk og tørrvittig utviklingsroman i kortprosaform. Boka er garantert fri for psykologisering, men er til gjengjeld fylt av sterke scener, kjærleik, tomme kafear og skjelpadder.
Langs kvar ein veg
kr 250,-
Ei country-reisebok med tre stemmer, tre solistar som også skaper eit kor i teksten. Tre forfattarar, med musikken til Hank Williams, Elvis Presley og Gram Parsons i kofferten, har teke turen over Atlanteren på vandring i dei gamle mytane og nokre nye som dei sjølve fann. Illustrert.
kr 181,-
Etter eit år i fengsel dukkar Roger opp hos den platinablonde Gloria. Han har ein dom for mord bak seg. Gloria meiner at det berre er skulejenter som blir imponerte av slikt. Likevel lar ho han låne faren sin bil, og dagen etter er dei på full fart gjennom ferjekøar og langs fjordsider.
Konspirasjonar
kr 350,-
Kultfigur deler ut nøklar til sin eigen mangslungne forfattarskap - lærde og lærerike essay, smittande lysteleg velskrivne og sprekt tenkte.
kr 185,-
Ei kvardagsleg, men uvanleg, litt merkeleg og morosam historie om hovudpersonen Pål og dei mange problema han har å stri med i sitt 14-årige liv. Og lettare blir det ikkje når Mercedes dukkar opp og det viser seg at ho har minst like store problem som Pål. Men i denne verda er alt mogleg.
Sjølvmord i Skilpaddekafeen
kr 400,-
Lakonisk og tørrvittig utviklingsroman i kortprosaform. Boka er garantert fri for psykologisering, men er til gjengjeld fylt av sterke scener, kjærleik, tomme kafear og skjelpadder. Billigbok i serien Orion.
kr 132,-
Romanen inneheld ei rekkje surrealistiske innslag om kvardagslege og fantastiske menneske. I ei verd av svart humor og livsglad vanvidd lever hovudpersonen i boka eit liv der politikk, erotikk og musikk spelar ei sentral rolle.
Emil og kaffikokaren
kr 156,-
Emil budde i eit vanleg hus, og han hadde ein far og ei mor som såg heilt vanlege ut. Av og til såg Emil folk han ikkje kjende på vegen. Seinare fekk han alltid vite at det hadde vore heilt vanlege folk. Dette var sjølvsagt før Kaffikokaren dukka opp.
kr 250,-
Ein morgon fann Anders eit brev frå Salamanderen der det stod at han hadde reist sin veg, og at Anders ville forstå om han tenkte seg om. Anders tenkte seg om og forstod, men kunne ikkje godta å miste vennen sin. Dermed drog han ut for å leite etter Salamanderen.
Sveve over vatna
kr 300,-
Dette er kanskje Hovland-klassikaren framfor nokon. Om den legendariske Hovland-figuren Dr.Munk, og Waglen og "forteljaren".
Vegen smal og porten trang
kr 117,-
Også vestlendigar har hatt ein barndom - med sommar og byjenter på besøk. Hovudpersonane i Hovlands forteljingar gjennomlever barne- og tenåringsstadiet i glansen frå rockekongar frå Fusa eller som "dei siste beatpoetane i Midthordland". Forfattaren løser pubertetsproblema med munter og kjenslevar pornografi før heltane hans tek snøggbåten til Bergen.

Siste bok

Stille natt
kr 359,-
Ein forfattar har skrivesperre, og forlaget masar i veg om den store sjøromanen han har lova å skrive. Men livet skriv seg sjølv. Forfattaren er på veg mot noko, både på det indre og ytre plan....

Litterære prisar

Bastianprisen
For nyomsetjing av Georgs magiske medisin (Roal Dahl).

Doblougprisen
Doblougprisen for 2008.

Kritikarprisen
For Fredlaus.

Vinjeprisen
Vinjeprisen for 2005.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2002.

Sunnmørsprisen
For Norske gleder.

Kritikarprisen
For Ei vinterreise.

Nynorsk litteraturpris
For Ei vinterreise.

Noregs Mållags barnebokpris
For Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen.

Brageprisen
For Ein motorsykkel i natta.

Melsom-prisen
For Sjølvmord i Skilpaddekafeen.

Kultur- og kyrkjedepartementet sin omsetjarpris for barne- og ungdomslitteratur
For Den siste sjørøvaren (Mats Wahl).

Noregs Mållags barnebokpris
For Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr.

Førsteprisvinnar i Eides barnebokkonkurranse
Med Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr.

Samlagets romankonkurranse
Ein av tre likeverdige vinnarar.

Noregs Mållags barnebokpris
For Den flygande sykkelen.

Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris
For Det får stå til.

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no