Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-

Ottar Grepstad

(f. 1953) er direktør ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Grepstad har tidligare vore forlagsredaktør, redaksjonssjef og ass. forlagssjef i Det Norske Samlaget, redaktør i Syn og Segn 1984-88, og har vore forfattar og medforfattar av fleire bøker og talrike artiklar i tidsskrift og aviser.

Grepstad har lenge vore ein av landets mest markante nynorskbrukarar. Han blei tildelt Norsk språkpris 1999 for boka Det litterære skattkammer.

print

Fleire bøker frå Ottar Grepstad

Viljen til språk
kr 399,-
Den viljen til språk som har prega arbeidet for nynorsk, har fått mykje å seie for norsk språk og kultur allment og for demokratisering av både samfunn og språk. Dette er den første samla framstillinga av den nynorsk kulturhistoria i éi bok av éin forfattar, gjennom 1500 år fram til dagens www og sms. Utgjevinga kjem same veke som Noregs Mållag feirar sitt hundreårsjubileum.
Det nynorske blikket
kr 343,-
I ei faktaspekka og mangfaldig essaysamlinga er Ottar Grepstad på leiting etter det som gjer nynorsk til meir enn eit språk. Med overtydande og offensiv dokumentering syner han kva styrke som ligg i nynorskbrukarens identitetar innafor den språkkløyvde norske kulturen.
Det litterære skattkammer
kr 550,-
Ei altomfattande innføring i sakprosaens vesen og ei forteljing om viktige bøker i norsk sakprosahistorie - alt i same boka. Ingen har skrive ei slik bok før. Ikkje i Noreg, ikkje i noko anna land.Med eit sikkert grep om store mengder faglitteratur frå mange land, vandrar Ottar Grepstad mellom retorikk, historie, samfunnsfag og litteraturvitskap. Han ordnar og sorterer, presenterer og drøftar, og tenkejr nytt der tankagangar knapt finst. Her er talrike døme frå enkelttekstar og forfattarskapar, og spennande omtale av i alt 259 titlar.
Sant og visst : artiklar, foredrag og preiker
kr 358,-
Like sidan midten av 50-talet har Berge Furre vore eit skrivande og talande menneske. Boka er utgitt i samband med 60-årsdagen hans og presenterer eit fyldig utval av dei beste og viktigaste foredraga, artiklane, kronikkane og preikene hans. Svært lite har vore trykt i bokform før. Emna femnar vidt - frå Midtausten til målsak, frå kyrkje til sosialisme, frå EU til demokrati, frå norsk 1700-tal til verda kring år 2000. I ein artikkel som er nyskriven til denne boka, og som er prega av den aktuelle politiske situasjonen, gjer Berge Furre opp sitt bu. Boka har personregister.

Siste bok

kr 399,-
Dette er ei forteljing om 170 nynorskaviser gjennom 150 år. Norsk mediehistorie blir ikkje som før etter dette!

Dette er ei forteljing om 170 nynorskaviser gjennom 150 år. Grepstad...

Kalender
Ragnar Hovland:   60 år i svevet!
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no