Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Magnhild Bruheim
Foto: Gudmund Moren

Magnhild Bruheim

(f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom.

I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar.

Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist.

Bruheim er busett på Lillehammer.

print

Fleire bøker frå Magnhild Bruheim

Venneringen
kr 129,-
Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt.
kr 359,-
Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt.
På flukt
kr 259,-
Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp?
Nattskrik
kr 369,-
Ei ung kvinne blir sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funnen drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir dratt inn i drapsetterforskinga.
Venneringen
kr 199,-
Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt.
Trolldomskraft
kr 300,-
Året er 1730. Siri Jørgensdotter (13 år) sit på Øyer prestegard i Gudbrandsdalen og ventar på dommen. Framfor fut, sorenskrivar og prestar har ho forklart seg om hekseri.
Ny melding (billigbok)
kr 149,-
Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ho blir meldt sakna etter at ho ein kveld går heim frå bussen saman med ein ukjent gut.
Matminne frå Gudbrandsdalen
kr 399,-
Mat er tradisjon, historie og kultur, og denne boka set maten inn i ein slik samanheng. Ramma er det historiske miljøet på garden Sygard Grytting, med spekeskinka på stabburet, rømmegrauten i ambar og flatbrødet i flatbrødskuffen.
Ny melding
kr 198,-
Kari-Marie, Kami blant venner, er forsvunnen. Ho blir meldt sakna etter at ho ein kveld går heim frå bussen saman med ein ukjent gut.
Dragsug
kr 350,-
På treningstur i skogen finn journalisten Tone Tarud eit kvinnelik. Kvinna er drepen.
Svart arv (2. utg)
kr 129,-
Ny, dagsaktuell kriminalroman frå forfattaren av Varselet, Maskerade og Utan englevakt.
Svart arv
kr 400,-
Ny, dagsaktuell kriminalroman frå forfattaren av Varselet, Maskerade og Utan englevakt.
Utan englevakt
kr 400,-
Etter å ha fått strålande mottaking for "Varselet" og "Maskerade" kjem Magnhild Bruheim med ein ny kriminalroman. Denne gongen er handlinga lagt til 70-talet, og politietterforskar Mons Strand må reise til ei lita bygd for å oppklare ei drapssak.
Maskerade : kriminalroman
kr 350,-
Under ei nyttårsmaskerade blir Oddny Vangen funne drepen utanfor festlokalet. Det er uklart kven som kan ha hatt motiv for å ta livet av den ugifte 42-åringen, men etter kvart kjem stadig meir av hennar liv og hemmlege draumer for ein dag.
Varselet
kr 350,-
Magnhild Bruheims fortetta spenningsroman vitnar om inngåande kjennskap til norsk bygdeliv. Tvers gjennom overtru, rykteflaum, misunning og sjalusi lyser varmen frå dette samfunnet imot oss. Med innlevande forståing skildrar forfattaren korleis eit mord kan skje – også i ei lita fredeleg fjellbygd.

Siste bok

Blod på hendene
kr 249,-
Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien.

Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte...

Litterære prisar

Austmannaprisen
Austmannaprisen for 2010.

Alf Helleviks mediepris
Alf Helleviks mediepris for 1998.

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no