Julepoesi
Lagt inn: onsdag 15. desember 2010
På festane i Det norske Samlaget er det alltid allsong. Og den noko rølpete, årlege Gangfesten i forlagets litterære avdeling er ikkje noko unntak – det er ein julefest og her blir det da naturleg nok sunge julesongar. På årets Gangfest blei det sunge ekstra mange julesongar, mykje takka vere iherdig innsats frå Agnes Ravatn, som fann den bunken med julesongbøker som nokon hadde prøvd å gøyme bort. Og på Samlaget syng vi alle julesongar på nynorsk, sjølv om dei ikkje opphavleg er skrivne på nynorsk. For opphavleg er dei skrivne på tysk nesten alle saman. Og vi likar å klemme til litt ekstra, slik at vi for eksempel gjerne syng ”så hugnadleg, så hugnadleg”, sjølv om det står ”så glad er vi, så glad er vi” i songboka. Dei som ikkje har vore på så mange festar på Samlaget før, ser seg ofte litt vantru rundt. Men så ser dei at alle andre står der konsentrert og alvorleg rundt teksten, og da er det berre å synge med.
Mange av dei julesongane vi tenker på som norske, er altså omsette frå andre språk. Og mange av dei finst igjen både på nynorsk og bokmål. Ein av dei vakraste, Det hev ei rose sprunge, er opphavleg tysk. I 1919 omsette Peter Hognestad den vakre salmen til norsk. Personleg likar eg songane betre jo meir arkaiske dei er. Og det arkaiske gjer seg best på nynorsk, det er berre slik det er. Det gir ei ekstra høgtidsstemning å forme slike setningar:
Det hev ei rosa sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Jesse rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnattstid.
For fleire vakre julesongar på nynorsk, tilrår eg eit klikk på nettstaden til Aasen-tunet: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1116
Men da ei gruppe korleiarar i 2008 skulle kåre den beste julesongen, valde dei den engelske In the Bleak Midwinter, som også er min favoritt. I 1872 blei poeten Christina Rossetti oppfordra av eit magasin til å skrive ein julesong, og det blei denne, som Gustav T. Holst tonesette i 1906. Songen finst i tallause variantar, ofte med kor, men min favoritt er den enkelt arrangerte versjonen ein finn på Shawn Colvins Holiday Songs and Lullabies. Fordi vi i vår familie er så sjukt glad i julemusikk, har vi måtta innføre restriksjonar. Det er ikkje lov verken å spele julemusikk eller synge julesongar i vårt hus før 1. desember, alternativt 1. søndag i advent. Men da er det Shawn Colvin som opnar juleballet, og klokleg nok tar ho med berre det første og siste verset, som definitivt er dei vakraste:
In the bleak midwinter
Frosty wind made moan,
Earth stood hard as iron,
Water like a stone;
Snow had fallen, snow on snow,
Snow on snow,
In the bleak midwinter,
Long ago.
What can I give him,
Poor as I am?
If I were a shepherd
I would bring a lamb,
If I were a wise man
I would do my part,
Yet what I can I give Him —
Give my heart.
Songen er forresten omsett til moderne stavangersk av ein Ingvar Hovland. Fint nok, men eg held fram med å synge den på engelsk til vår eigen Ragnar Hovland finn det for godt å omsetje den til nynorsk.