Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Brit Bildøen
Foto: Tove K. Breistein

Brit Bildøen

(f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay.

I romandebuten, Eit anna eple (1992), skildrar Bildøen små, fantastiske ting i dagleglivet gjennom ei samling eventyrlege korttekstar. I Tvillingfeber (1998) møter vi Ida, som leitar etter sin tapte tvilling – i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. For denne boka blei Bildøen tildelt både Osloprisen og Nynorsk litteraturpris i 1998. Tvillingfeber blei dessutan nominert til Brageprisen.

I 2001 kom romanen Landfastlykke – ei bok Bildøen fekk både Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for. Boka viser korleis bruer kan binde saman og endre både landskap, samfunn og menneske. Romanane Alt som er (2004) og Mitt milde vesen (2006) fekk begge strålande meldingar, og fleire plasserer no Bildøen blant våre fremste samtidsforfattarar.

Bildøen har skrive fleire barnebøker og omsett bøker både for barn og vaksne. I 2009 gav ho ut essaysamlinga Litterær salong på sjølvaste kvinnedagen. Boka inneheld lesingar av m.a. Gertrude Stein, Halldis Moren Vesaas, Amalie Skram, Doris Lessing og Elfriede Jelinek og tek sikte på å oppmuntre kvinnelege skribentar og inspirere boklesarar av begge kjønn.

Bildøen var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 2000. Ho er utdanna bibliotekar, og har i tillegg studert sosiologi og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Brit Bildøen er fødd i Ålesund og oppvaksen i Aukra i Møre og Romsdal. Ho bur no i Oslo.

print

Fleire bøker frå Brit Bildøen

Adam Hiorths veg
kr 359,-
Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth.
Mitt milde vesen (2. utg)
kr 129,-
Mitt milde vesen er ein roman om lyset i mørket og om demonane som bur i oss alle.
Huset Goggenheim
kr 59,-
Saman med far sin flyttar tvillingparet Maren og Magnus inn i eit gammalt, falleferdig hus ute på ei klippe.
Mitt milde vesen
kr 310,-
Mor til Johanne er på sjukeheimen, og har i fleire månader nekta å snakke med dottera. Faren forsvann sporlaust for lenge sidan. Kvifor er mora så sint? Kva skjedde med faren? "Vakkert og visuelt om raseri, taushet og kjærlighet" skriv Dagbladet i si melding av boka.
Alt som er (2. utg)
kr 150,-
Ei bok om ein familie i tre generasjonar og livsvala dei tar. Komplekst og vakkert om kjærlighetens valg, fravær og nærværMarit Nymoen, AdresseavisenHeilt enkelt ein god roman ... Bildøen har skrive si beste bok og tatt eit langt steg framover i forfattarskapenHans H. Skei, Adresseavisen
Alt som er
kr 349,-
Ein familie, tre generasjonar, tre historier. Den unge Mariann har flytta ut av familiens trevilla på Vinderen, bort frå familiens forventningar. På ei solvarm strand i Australia møter ho Endre. Dei reiser kvar sin veg vidare, men den kompliserte kjærleikshistoria held fram i vinterkalde Oslo.
Landfastlykke (2. utg)
kr 150,-
Bildøen viser seg som en god guide på den forbudte erotikks dulgte, men akk så velkjente stier. I Mona tegner hun et portrett av en moderne kvinne som vil ha både i pose og sekk, men er i villrede om hva hun egentlig vil. At hun er sett både innenfra og utenfra, er en styrke og vitner om en modenhet og en innsikt i hvordan menn og kvinner gjensidig opplever hverandre. Dagbladet
Romhunden Odin
kr 300,-
Ei knallsøt historie om den franske bulldoggen Odin som blir vald ut til å reise ut i verdsrommet.
Landfastlykke
kr 339,-
Landfastlykke er ein roman om ei øy og om bygginga av ei bru. Det handlar om korleis landskap, samfunn og menneske blir bundne saman og endra. Det er ein roman om kjærleiks- og vennskapsforhold.
Heim att til 1990-åra
kr 250,-
Frode Grytten har bede ulike forfattarar om bidrag til ein antologi med nye noveller.
kr 250,-
Ei rekkje kort-tekstar som insisterer på å vere ein roman, seier forfattaren. Hovudpersonen Eva bind tekstane saman, ei einsleg, sorgmunter jente. Boka gir uttrykk for ei romantisk livskjensle. Sjølve forteljemåten er den eventyrlege, der små ting i dagleglivet blir sjølvstendige og fantastiske.
kr 200,-
Dikt om menn - kjærleik, liv og natur.

Siste bok

Litterær salong
kr 149,-

Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir Bildøen ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei...

Litterære prisar

Sunnmørsprisen
Sunnmørsprisen for 2004.

Melsom-prisen
For Landfastlykke.

Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2002.

Nynorsk litteraturpris
For Tvillingfeber.

Osloprisen
Osloprisen 1998 for Tvillingfeber.

Alfred Andersson-Ryssts fond
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1996.

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no