Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Språk og nasjon 1739-1868. Norsk målreising. Band I
Status: I sal
ISBN: 9788252174458
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2010
Format: Innbunden


Del |

Språk og nasjon 1739-1868. Norsk målreising. Band I
Innbunden  kr 429,-
Første bandet i denne nyskrivne og illustrerte norske målsoga handlar om tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i Noreg frå etableringa av allmugeskolane i 1739 fram til 1868.

Noreg og Danmark hadde lenge eit felles skriftspråk, men også før Ivar Aasen finst det ei veksande interesse for folkespråk, dialektar og norsk målreising. Hyvik skildrar utviklinga frå ei førnasjonalistisk til ei nasjonalistisk forståing av folkespråket, og drøftar inngåande korleis danske og norske strategar gjennom desse tidlege åra hadde ulike visjonar og planar for språkutviklinga.

Band II av Norsk Målreising tek for seg perioden 1868–1940 og er skrive av Oddmund Løkensgard Hoel.

Frå bokmeldingar
"Eg ville tru at det er få andre enn spesialistane som veit særleg mykje om dei første, svært interessante diskusjonane omkring skilnaden mellom norsk og dansk for vel 200 år sidan. Her har forfattaren eit skarpt blikk for motsetnadene og utviklinga."
,  Aftenposten

"... gjennomarbeidd, interessant og linjerikt, med balansert drøfting av stridsemna."

Sylfest Lomheim,  Bergens Tidende
"... boka åt Hyvik inneheld ei mengd forvitnelege opplysningar og truleg representerer den mest uttømande framstellinga av denne bolken av norsk målsoge."
Klaus Johan Myrvoll,  Dag og Tid

"Ho har vitskapleg apparat, men kan lesast av alle, og har allmenn interesse, særleg for det lyset ho kastar over kulturfagleg forsking no."

Kåre Lunden,  Klassekampen
print
Jens Johan Hyvik
  Jens Johan Hyvik (f. 1972) er Ph.D. i historie frå Universitetet i Oslo. Han har tidlegare gitt ut blant anna "Fædrelandske Ideer". Jabob Aalls nasjonsforstå ...
Kalender
Ragnar Hovland:   60 år i svevet!
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no