Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Godt å gi bort
Status: I sal
ISBN: 9788252177572
Utgåve: 1
Opplag: 1
Utgitt: 2010
Format: Innbunden


Del |

Godt å gi bort

Heimelaga mat og drikke – den beste gåva du kan gi!

Innbunden  kr 399,-
I denne vakre og inspirerande boka har vi samla oppskrifter og framgangsmåtar for korleis du lagar herleg mat og drikke som presang – og korleis du pakkar det lekkert inn.

Skal du på fest, i middag eller er utkommandert til dugnad og skal ha med deg gåve? Vil du imponere vertskapet med noko heimelaga som både smakar og ser fantastisk ut? Har du lyst til å glede ein du er glad i med noko heilt spesielt, som ikkje blir gløymt?

Godt å gi bort har svaret og løysinga på alt dette! I denne vakre og inspirerande boka har vi samla oppskrifter og framgangsmåtar for korleis du lagar nydeleg mat og drikke som presang – og korleis du pakkar det lekkert inn. Her er alt frå pesto, syltetøy, paté, egglikør, karamell, sursild og brød til heimelaga piknikkorger, nydeleg sjokolade, småkaker og müsli. Boka har enkle oppskrifter, er herleg å bla i og vil gi deg inspirasjon og lyst til å gi vekk smakfulle gåver i flott innpakning.

Dei som står bak: Guro Usterud, forfattar, Nina Dreyer Hensley & Jim Hensley, kokkar og kjende fotografar og Ann-Kristin Møsth Wang, matstylist og kokk.

print
Kalender
Lunsj og lyrikk om Hulda Garborg:   Møt Arnhild Skre måndag, onsdag og fredag
Aktuelt
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Samlagsbloggen
30.01.2012: 
Her er ein tekst om Marta Breens fine bok Rosa streker, røde tall som blei gitt ut på Manifest forlag i fjor. Eg skryt av boka, så om du ikkje gidd å lese teksten, er det berre å gå rett til kjelda. Teksten var på trykk i Bergens Tidende i går.Når Marta Breen skriv om norsk helsevesen med utga ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no