Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Aud Søyland har arbeidd med nynorsk på fleire felt gjennom mange år
Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond til forfattar Ruth Lillegraven
SAMLAGETS ÅRSRESULTAT 2011 OG VEGEN VIDARE FOR FORLAGET
Svein Sæter
Forfattaren Svein Sæter er tildelt Nordmøre Historielags pris for forf ...

Nynorsk litteraturpris til Jan Roar Leikvoll

Fiolinane kåra til den beste boka på nynorsk i 2010

Fiolinane08. APRIL: 

Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget deler kvart år ut ein pris for den beste boka på nynorsk eller dialekt i siste året.

Prisen vart delt ut under Noregs Mållags landsmøte på Sand i Suldal 08.04.2011.

Fiolinane er mørk, vakker og brutal. I ruinane av eit samfunn, der det er den sterkastes rett som gjeld, følgjer vi ein ung mann i hans kamp for å overleve.

Jan Roar Leikvoll(f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Med Fiolinane (2010) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur

Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar, og for dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar: Eit vintereventyr blei omtalt som ein «mirakuløs debut», mens Fiolinane har blitt kalla eit «mesterverk».

print
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no