Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Jon Fosse, Patti Smith og Lene Kaaberbøl bokaktuelle på Samlaget
Tvillingfeber og Litterær salong kjem i pocket
Søsken
Vinn den herlege gåveboka Søsken!
Hovland kalender
Vinn flott Ragnar Hovland-kalender 2012
Pris for bok om markant nasjonal strateg

Samlaget la fram haustlista 2010

Haustliste med heile 11 skjønnlitterære debutantar, rikhaldig barne- og ungdomsbokliste, og stor variasjon blant fakta- og dokumentarbøkene.

Samlaget debutantar 2010

Det Norske Samlaget la fram si 143. haustliste i dag tysdag 24. august. Forlaget lanserte også ny nettside, ny logo og ny grafisk profil. Samlaget presenterer elleve debutantar denne hausten, åtte som skriv for vaksne og tre som skriv for barn og unge. Debutantbøkene for vaksne spenner frå naturlyrikk til burleske hemntokter, historiske drama og presise kvardagsskildringar.

Bla i årets katalog her.

Blant dei meir etablerte forfattarane finn ein  kultforfattar og siddis Arild Rein som kjem med ei nattmørk satire frå Stortinget, fortald gjennom likhunden Harry. Arnfinn Kolerud byr på den definitive nynorske undergangshistoria i humorromanen Når ein først skal skyte noko.   

Av omsett skjønnlitteratur presenterer Samlaget i haust den danske forfattaren Pia Juul. Boka hennar Mordet på Halland er hylla av eit samla dansk og svensk kritikarkorps. I tillegg introduserer Samlaget ein ny krimserie av, Matti Rönke, Finlands svar på Mankell, med handling frå grensetraktene mellom Russland og Finland.

Lista viser elles at Samlagets satsing på barne- og ungdomslitteratur held fram, med ein sterk debut frå Asbjørn Rydland som kjem med fantasyromanen Drakeguten, og den britiske barneboksuksessen, Cherub-serien som endeleg kjem på norsk. Serien fortel om livet til hemmelege barneagentar som infiltrerer kriminelle miljø.

Det er stor variasjon i fakta og dokumentarbøkene på haustlista. Her vil du finne Ottar Grepstads verk om den nynorske pressehistoria, biografiar om diktardronninga Åse Marie Nesse og psykologen Ola Raknes, samt Jan Inge Sørbø som reflekterer og diskuterer korleis vi forheld oss til livets slutt i boka Lyset frå fars ansikt. Arild Hoksnes fortel oss kvifor det kan vere bra å ta feil i boka Kunsten å ta feil. I gjer-det-sjølv kategorien finn ein to unike bøker, i boka Godt å gi bort får du innspel til korleis du kan lage smakfulle gåver i flott innpakking. Medan Annemor Sundbø har funne fram dyremønstre og andre figurar frå norsk strikkearv i boka Norske vottar og vantar. Boka er ein oppfølgjar til fjorårets store salssuksess Selbuvotten.

Frå forlagssjef Margit Walsø sin presentasjon:

Walsø kommenterte det store debutanttilfanget slik:

- Eg er stolt over å kunne leggje fram ei haustliste som inneheld heile elleve debutantar. Det er altså mange som har komme trygt gjennom den lange og krevjande prosessen det er å utvikle eit manus til det som blir ein bokdebut. Dette er gode bøker, som vil bli viktige for mange lesarar. Samlaget satsar medvite på dei nye stemmene, og bruker store ressursar på å hjelpe fram dei nye forfattarane. Det er desse som skal skrive bøkene i tiåra framover. Utvikling av skjønnlitterære forfattarskap er framfor alt langsiktig arbeid, det einaste som kan gi eit forlag resultat som varer over tid, med andre ord: litterær kapital.

-Samlaget har hatt stor suksess med omsette bøker, og kjem til å satse meir på dette, både i talet på titlar og fleire sjangrar og tema. Kvaliteten på omsetjingane skal vere eit kjenneteikn, på nivå med det Tove Bakke har gjort med Anna Gavalda og Paula Fox på norsk. Vi kjem også til å halde fram med å be skjønnlitterære forfattarar omsetje. Slik tilbyr vi den utanlandske litteraturen det beste vi har av norsk språk.  

Frå talen til forlagsdirektør Tove Lie:   

Samlaget lanserte også ny nettside og ny visuell profil:

- I år møter vi dykk i ny drakt. I tillegg til å lansere bøkene våre, har vi også lansering av ny logo, ny heimeside på samlaget.no og ja; heilt ny visuell profil, som det heiter – rett og slett ny Samlags-bunad.

Forlagsdirektør Lie var uroa over dei skeive konkurransetilhøva mellom norske og utanlandske e-bøker.

- At styresmaktene legg moms på norske ebøker er IKKJE ei klok avgjerd. I sin ytste konsekvens kan det tvinge norsk bokbransjen til å flagge ut ebok-satsinga si for å kunne konkurrere med utanlandske ebøker som allereie blir seld i Noreg utan moms. Det er ikkje på denne måten vi vil kunne halde fram med å vere det beste boklandet i verda, sa Lie.

print
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no