Spennande temabok for ungdom. I denne fagboka for ungdom viser sakprosaforfattar og journalist Teresa Grøtan på presist vis kva globalisering er og gjer, med eksempel frå din og min kvardag.
Har unge indarar som arbeider på call center, noko med oss å gjere? Kvifor mister nordmenn jobben når amerikanarar ikkje klarer å betale lånet sitt? Og kva er samanhengen mellom prisen på kleda våre og barnearbeidarar i Bangladesh?
Teksten er personleg, innhaldsrik og morosam, og gir ei lettfatteleg innføring i kva globalisering eigentleg betyr.
I denne første globaliseringsboka på norsk for ungdom, har forfattaren også med bidrag frå mellom andre Jonas Gahr Støre, Knut Nærum, Thomas Hylland Eriksen, Kristin Clemet og Sør-Afrikas mest kjende avisteiknar, Zapiro.
"Med glimt i øyet og smil om munnen skriver journalist Teresa Grøtan underholdende, personlig, informativt og godt om fenomenet [...]"
Stian Bromark, Dagbladet"[...] Teresa Grøtan har skrevet en av årets viktigste ungdomsbøker. Den fortjener mange lesere."
Knut Ivar Aarstein, Vesterålen