Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!
Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Maria Parrs debutbok,
Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute på sju språk.
Tonje Glimmerdal er allereie seld til fleire land.
"Dette er gull"
May Grethe Lerum, VG
"Parr er en klok og myndig forfatter: det er ikke alle som lykkes med å gi sin hovedperson så mange gode egenskaper, så mye drama og så mye hell, og en slik sentral rolle i alles liv, og enda få det til å fungere litterært. Astrid Lindgren greide det – og den sammenligningen er ikke tilfeldig."
Morten Haugen, AdresseavisenLes heile meldinga"Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit.... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!"
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
"Alt har sin forklaring, viser det seg, og det er nettopp denne realistiske kombinasjonen av idyllisk humor, svarte flekker og lindgrensk fandenivoldskhet som gjør Tonje Glimmerdal til det mesterstykket romanen er. Åshild Irgens’ tegninger er svært uttrykksfulle og bidrar til stemningskombinasjonen [...]"
Kjell Olaf Jensen, barnebokkritikk.noLes heile meldinga"Den spanande historia er ei side av denne boka, det hjartevarme i forteljinga, ei anna. Og så er det språket! Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li, der forteljartradisjonen truleg har stått sterkt. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss."
Marianne Lystrup, Vårt Land"Boka har noko tidlaust og nostalgisk over seg, og står fram som ein klassikar allereie i si eiga samtid. Parr er ein drivande god forteljar [….]"
Kristine Isaksen, Bergens TidendeLes heile meldinga"Det er så mykje godt å seie om denne forteljinga. Spennande og morosam. Ei herleg høgtlesingsbok. Tidlaus og klassisk. I fin dialog med andre tøffe jenter i barnelitteraturen, som Heidi i Alpane og Pippi i Ville Villekula. Men kanskje er det viktigast at den også er alvorleg."
Janne Karin Støylen, PirionLes heile meldinga"Dette er en kjempefin bok!”"
Anne Cathrine Straume, NRKLes heile meldinga"Fullt hus for Maria Parr"Sjå artikkel i VikebladetEi perle av ei bok, frå ung forfattar med Astrid Lindgren-takter
Målgruppe: 9–12 år.