|
Senatet som aldri vart er ei essaysamling frå innsida av det politiske miljøet. Søberg skriv kunnskapsrikt om dissensar i regjering, statsrådsfall, statssekretærane som den nye politiske klassen og om mangelen på saft og kraft i debattane i stortingssalen. Han lyfter òg opp i dagen politiske arkitektar og handverkarar som har endra Noreg og prega norsk politikk – frå fylkesmann Schei og reform av kommunestrukturen til Carl I. Hagen, som Søberg kallar den fremste konstitusjonelle politikaren på Stortinget i moderne tid.
Ein raud tråd gjennom essaysamlinga er politisk dugleik, mot og kvalitet: Søberg diskuterer kva John F. Kennedy la i dette og viser korleis Lagtinget i si tid var meint å vera eit senat etter amerikansk mønster – med senatorar av typen Kennedy ovundra. Slik gjekk det ikkje. Men både hjå Kennedy og i referata frå lagtingssalen finst det døme på tankar, skrift og tale som peikar framover mot det som kan verta: eit betre konstitusjonelt demokrati med dyktigare og meir inspirerande politikarar.
|
Status: Aktuell
ISBN: 9788252173321
Utgåve: 1
Opplag: 1
Omfang: 143 sider
Pris: 299,00
Utgjeve: 2009
|