Johan vaknar opp til første dag i sommarferien, men ingenting er som det skal vere.
Dette er debutromanen til forfattar Gaute M. Sortland.
Veslesøstera hans er død, og minnet om dødsulykka er sterkt nærverande hos han. For den sorgtyngde Johan blir denne dagen ei mulegheit for oppgjer med fortida, men så hamnar han i ein situasjon der hans eige liv plutseleg står på spel. Ulykkesdagen og sommarferiedagen blir vovne saman og bygd opp mot eit dramatisk høgdepunkt, der parallellhistoriene vekslar mellom undergang og overleving.
Johan er ei forteljing om det å miste og å leve vidare, truverdig fortald med eit stillfarande språk.
Her kan du sjå
første del,
andre del og
tredje del av opplesinga frå lanseringa av romanen.
(YouTube)"Beskjedent format og velkjente motiv i presis og leseverdig debut."
Cathrine Krøger, DagbladetLes heile meldinga"En oppløftende debut fra en forfatter som har god grunn til å skrive videre."
Arnstein Olaisen, Haugesunds avisLes heile meldinga"[...] det vesle formatet skjerpar språket og skreller vekk det unødvendige. Igjen står ei historie som er større enn seg sjølv"
Gro Byrkjeland, Bergens TidendeLes heile meldinga"Konsentrasjon og dynamikk i fin debut om tap og overlevelse"
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten"Særdeles løfterik debut om havet, døden og kjærligheten."
Linda Kaspersen, AdressevisenLes heile meldinga"Om å være sin egen dommer"
Les intervju i Nationen