Gå til handlekorga
Produkt: 0 Sum: kr 0,-
Jon Fosse
Foto: Tom A. Kolstad

Jon Fosse

(f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 700 gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.

Fosse kjem frå Strandebarm. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker og ei essaysamling. Fosse debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1993, og har med skodespel som Nokon kjem til å komme (1996), Ein sommars dag (1998), Draum om hausten (1999) og Eg er vinden (2008) oppnådd ein internasjonal suksess som manglar sidestykke i norsk samtidslitteratur.

Sjølv om Fosse i dag er mest kjend som dramatikar, har han heile tida halde fram med å produsere litteratur av høg kvalitet også i tradisjonell bokform. Gode eksempel på dette er romanane Naustet (1989), Melancholia I (1995) Melancholia II (1996), Morgon og kveld (2000) og Andvake (2007), samt diktsamlingane Hund og engel (1992), Nye dikt (1997) og Auge i vind (2003). Fosse er i tillegg ein populær barnebokforfattar.

I 2009 markerte Samlaget Jon Fosse sin 50-årsdag med ei stor feiring på Litteraturhuset i Oslo. I samband med jubileet gav Samlaget ut biografien Jon Fosse – Poet på Guds jord og praktboka Dikt i samling. Fosse kom dessutan sjølv med to nye bøker, diktsamlinga Songar og barneboka Spelejenta.

Fosse er utdanna cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og konsulent og omsetjar av teaterstykke. Fosse var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 1998 og ved Festspillene i Bergen i 2005. Han er i dag busett i Bergen.

print

Fleire bøker frå Jon Fosse

Kortare prosa
kr 299,-
Jon Fosse har gjennom åra gjeve ut tre kortprosabøker: To forteljingar frå 1993, året etter Prosa frå ein oppvekst og i 1998 Eldre kortare prosa. Desse bøkene er no samla og kan vera ein god veg inn i Fosses forfattarskap.
Essay
kr 369,-
I 1989 gav Jon Fosse ut essaysamlinga Frå telling via showing til writing. Ti år seinare kom Gnostiske essay. Fosse sine essay har det lenge ikkje vore mogleg å få tak i.
Kortare stykke
kr 279,-
Boka inneheld seks kortare skodespel som ikkje tidlegare har vore trykte på norsk.
Jente i gul regnjakke
kr 299,-
Jon Fosses dramatikk er omsett til meir enn førti språk, og stykka hans er sett opp på sju hundre scener sidan han debuterte som dramatikar. "Jente i gul regnjakke" er skrive spesielt for Dramaten, og hadde urpremiere på Målarsalen på Dramaten i Stockholm 9. oktober 2009.
Songar
kr 249,-
Dikt til trøyst og undring for folk flest.
Dikt i samling
kr 399,-
Med denne jubileumsboka blir heile Jon Fosses diktforfattarskap presentert, saman med tidlegare upubliserte dikt.
Teaterstykke 4
kr 299,-
Teaterstykke 4 av Jon Fosse inneheld sju av hans siste teaterstykke.
Desse auga
kr 269,-
Ein ung mann og ei ung kvinne møter kvarandre ein stad ved havet; der skal de bygge og bu. Men nokon har vore der før – tidlegare slektsledd, kanskje? Og akkurat som dei gamle, blir også dei unge borte ein gong.
Namnet (3. utg)
kr 129,-
I Namnet møter vi eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen etter at nokon skal bry seg om ein.
Andvake (2. utg)
kr 129,-
Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Alida er høggravid, men ingen vil gi henne og kjærasten rom. Dei blir meir og meir motlause der dei går omkring i regnet.
Eg er vinden
kr 269,-
Eg er vinden speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, og handlingane er også tenkte, og skal ikkje utførast, men illuderast.
Andvake
kr 229,-
Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Alida er høggravid, men ingen vil gi henne og kjærasten rom. Dei blir meir og meir motlause der dei går omkring i regnet.
Rambuku / Skuggar
kr 329,-
I Rambuku står eit eldre ektepar på overgangen mellom liv og død. Kvinna talar og mannen teier.
Svevn / Varmt
kr 289,-
Kunne livet vorte annleis om du tok andre val? Det spørsmålet stiller stykket Svevn. Vi møter ti menneske med ulike håp og draumar. I ei leilegheit blir liva deira vovne saman. Svevn hadde urpremiere på Nationaltheatret under Samtidsfestivalen 2005.
Kant (2. utg)
kr 199,-
Kristoffer er åtte år, og om kvelden ligg han og skal lese Donald, men tenkjer og tenkjer på verdsrommet. Er det ein kant ein stad der ute, der verdsrommet sluttar – og kva er utanfor den? I rommet ved sida av Kristoffers, med døra på gløtt, sit faren og les i ei bok av Kant.
Teaterstykke 3
kr 299,-
Inneheld sju teaterstykke av Jon Fosse: Gitarmannen, Dei døde hundane, Vakkert, Dødsvariasjonar, Jenta i sofaen, Lilla og Suzannah. Frå før finst Teaterstykke 1 og Teaterstykke 2.
Det er Ales (2. utg)
kr 129,-
Signe tilbake på seg sjølv som ung kvinne. Ho elska Asle, han som drog ut på sjøen og aldri vende tilbake. Sidan er ingenting endra, men likevel vart alt forandra.
Sa ka la / Dei døde hundane
kr 269,-
Desse to skodespela hadde begge urpremiere i 2004, Dei døde hundane på Rogaland Teater og Sa ka la på Aarhus Teater. Jon Fosse (f. 1959) er den mest spelte europeiske dramatikaren i si samtid. Teaterstykka og prosabøkene hans er omsette til om lag førti språk. Fosse er festspeldiktar under Festspela i Bergen 2005.
Nokon kjem til å komme (2. utg.)
kr 129,-
Han og ho har kjøpt seg eit hus ut mot havet, der dei vil vere aleine med kjærleiken sin. Men draumen blir truga av ei indre uro: "nokon kjem til å komme". Når dette faktisk skjer, og mannen som selde dei huset dukkar opp, blir forholdet mellom dei to utfordra og ingenting kan nokon gong bli som før.
Gnostiske essay (2.utg.)
kr 139,-
I biletlig, teoretiske, personlege, litterære og teatrale essay spenner forfattaren ut ulike felt der kunsten verkar.
Det er Ales
kr 229,-
Signe tilbake på seg sjølv som ung kvinne. Ho elska Asle, han som drog ut på sjøen og aldri vende tilbake. Sidan er ingenting endra, men likevel vart alt forandra.
Lilla / Suzannah
kr 269,-
Suzannah handlar om Suzannah Ibsen, og TV-versjonen vart sendt på NRK med Wenche Foss, Hildegunn Riise og Ane Dahl Torp i hovudrollane. Det er vanskeleg å vekse opp, og Lilla tek oss rett tilbake dit. Til dei ubehagelege pausane då vi famlar etter ord, for å seie noko til menneske på vår eigen alder som er akkurat like forvirra og usikre som vi er sjølve. Ein gut kjem inn i ein tom kjellar saman med ei jente. Det er i dette lokalet han og tre andre gutar møtest for å øve, men dei er ikkje blitt så gode som dei drøymer om. Han har ein elektrisk gitar, og har overtalt ein av dei andre til å kjøpe trommesett. Dei fire gutane i gruppa skal øve denne kvelden, men no er guten og jenta komne før dei andre, og jenta er ikkje med i bandet.
Naustet (4. utg)
kr 129,-
Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, sugande stil, enkel og vanskeleg på same tid. I løpet av tre dager utspelar det seg ei trekanthistorie mellom ein eg-person, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død.
Auge i vind
kr 229,-
No kjem Auge i vind, Jon Fosses første diktsamling sidan 1997 - og såleis ein liten litterær sensasjon. Det er ei lettlesen, truverdig bok som vekkjer ei god ro, og med eit enkelt, men melodisk språk som riv lesaren med.
Bly og vatn (2. utg)
kr 129,-
Ein av dei tidlege romanane til Jon Fosse kjem no i billigutgåve. Bly og vatn kom første gong ut i 1992, og fortel historia om ein journalist som går av flybussen og ser ei herja jente falle over ende – skal han hjelpe henne eller ikkje? Snart er ho installert på hotellrommet hans. Det blir ei historie om korleis eit liv fort er forandra.
Jenta i sofaen
kr 269,-
Det nyaste teaterstykket frå Jon Fosse hadde urpremiere i august 2002 på teaterfestivalen i Edinburgh, og blir sett opp i Noreg i 2003. Jenta i sofaen tematiserer gryande seksualitet, utroskap og svik, og korleis såra frå barndommen aldri blir lega.
Dødsvariasjonar
kr 300,-
Ei gong for lenge sidan var paret unge, nygifte og optimistiske, men klarte ikkje å leve saman. Mange år seinare tvingar ein stor tragedie dotteras sjølvmord dei til å møtast att
Teaterstykke 2
kr 299,-
Teaterstykka i denne boka omfattar Ein sommars dag (uroppføring på Det Norske Teatret 1999), Draum om hausten (uroppføring på Nationaltheatret 1999), Medan lyset går ned og alt blir svart (upremiere Teater Ibsen 1999), Besøk (uroppføring til Festspela i Bergen på Den Nationale Scene 2000), Sov du vesle barnet mitt (urpremiere på Theatre de Folle Pensee 2000), Vinter (uroppføring på Rogaland Teater 2000) og Ettermiddag (uroppføring på Teaterhogskolan i Stockholm 2000).
Morgon og kveld (2. utg)
kr 129,-
Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir født.Ein gammal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr.
Dikt 1986-2000
kr 350,-
Denne utgåva med samla dikt av Jon Fosse inneheld samlingane: Engel med vatn i augene (1986), Hundens bevegelsar (1990), Hund og engel (1992) og Nye dikt (1997).
Vakkert
kr 350,-
Nytt teaterstykke frå Jon Fosse
Søster
kr 200,-
Jon Fosse med poetisk bok for barn og vaksne.
Morgon og kveld
kr 250,-
Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir født.Ein gammal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr.
Gnostiske essay
kr 304,-
I biletlig, teoretiske, personlege, litterære og teatrale essay spenner forfattaren ut ulike felt der kunsten verkar. Her er essay om biletkunst av sentrale norske samtidskunstnarar, essay om litteratur- og romanteori, og om forholdet mellom kunst og teori. Dei personlege essaya snakkar mellom anna om nynorsken, gamle hus, negativ mystikk og om forfattaren som ikkje ville bli lærar. I litterære essay blir sentrale norske og internasjonale forfattarskapar tolka.
Melancholia I-II : roman
kr 129,-
Hovudpersonen i bøkene er Lars Hertervig (1830-1902). I den første boka gir Fosse ei framstilling av korleis Hertervig kunne tenkjast å ha det den dagen han som kunststudent i Düsseldorf blir kasta ut av studenthybelen sin, og da han rømmer frå Gaustad asyl etter å ha vorte stempla som galen. I den andre boka møter vi han igjen. Gjennom det skrøpelege minnet til den sjuke systera hans, opplever vi episodar frå livet hans.
Teaterstykke 1
kr 299,-
Boka inneheld skodespela Nokon kjem til å komme (1996), Og aldri skal vi skiljast (1994), Namnet (1995,1998), Barnet (1997), Mor og barn (1997), Sonen (1997) og Natta syng sine songar (1998).
Eldre kortare prosa
kr 200,-
Boka inneheld: Han, Det var slik det byrja, Spaden, Eg kunne ikkje seie det til deg og Bryggja.
Eldre kortare prosa
kr 600,-
Boka inneheld: Han, Det var slik det byrja, Spaden, Eg kunne ikkje seie det til deg og Bryggja. 2. Utgåva.
Naustet (3. utg)
kr 112,-
Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, sugande stil, enkel og vanskeleg på same tid. I løpet av tre dager utspelar det seg ei trekanthistorie mellom ein eg-person, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død.
Namnet (2. utg)
kr 99,-
Handlinga følgjer eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen etter at nokon skal bry seg om ein. Spelet hadde urpremiere til Festspela i Bergen, Den Nationale Scene 27. mai 1995.
Natta syng sine songar : Ein sommars dag
kr 319,-
Natta syng sine songarI Natta syng sine songar har eit ungt par nett fått seg eit barn, og den unge mannen, som prøver å skrive, men heile tida blir refusert, isolerer seg meir og meir og den unge kvinna held ikkje lenger ut det livet dei lever. Ein dag kjem foreldra hans på besøk for å sjå den nyfødde og går mest før dei er komne, og om kvelden går den unge kvinna ut og kjem attende med den nye vennen sin. Ein sommars dagI Ein sommars dag møter ein eit ungt par som har flytta til eit hus utanfor byen, mannen held seg gjerne på fjorden, men ein dag med vind og regn om hausten kjem han ikkje att og vi følgjer den uuthaldelege ventinga og eit spørsmål som aldri får sitt svar: Er det ulykke? Er det sjølvmord?
Heim att til 1990-åra
kr 250,-
Frode Grytten har bede ulike forfattarar om bidrag til ein antologi med nye noveller.
Nye dikt
kr 200,-
Eg er ikkje lengerdet er for stille til at eg kansjå fargane falle, ingen av dei gamleer lenger i det bevegelege vatnetDet er for stilleog altfor lenge sidanMen den græne løa treng jo malastOg ungane treng joein trygg stad å leikeEg er ikkje lenger, men berre i degOg i eit blåttsom lun og roleg varme. Og grasetskulle vore slått, eg ser det no Boka inneheld dikt som er skrivne i tidsrommet 1992-1997.
Melancholia : roman
kr 249,-
Hovudpersonen i bøkene er Lars Hertervig (1830-1902). I den første boka gir Fosse ei framstilling av korleis Hertevig kunne tenkjast å ha det den dagen han som kunststudent i Dusseldorf blir kasta ut av studenthybelen sin, og da han rømmer frå Gaustad asyl etter å ha vorte stempla som galen. I den andre boka møter vi han igjen. Gjennom det skrøpelege minnet til den sjuke systera hans, opplever vi episoder frå livet hans.
Barnet : Mor og barn : Sonen
kr 400,-
I Barnet går Fosse i dialog med Ibsens Brand, og dei to stykka har det felles at eit barn som døyr utløyser dei store spørsmåla i livet. Barnet hadde urpremiere på Nationaltheatret 4. september 1996 under Ibsenfestivalen. I Mor og barn møter ei kvinne igjen sonen ho forlet i sin ungdom. Ho har gjort karriere og lever i dag når maktas sentrum. Denne kvelden kjem han på eit heller sjeldsynt besøk og konfronterer henne med avgjerande val ho har gjort i livet. I det tredje stykket oppsækjer ein son foreldra sine etter lang tids fråvær. Dei bur i ei fråflytta bygd, og det einaste lyset dei ser utanfor, er lyset til naboen. Dramaet utspeler seg mellom sonen, foreldra og naboen ein kveld i stova, der sonen stiller spørsmål som støyter mot einsemda til den einskilde. Mor og barn og Sonen hadde urpremiere på Nationaltheatret 8. mars 1997.
Fy å fy
kr 189,-
Ei fraktskute går mellom bygd og by, med singel og sand. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har likt skipshunden Haktor, men nett det har skipshunden Haktor lært seg å leve med.
Du å du
kr 199,-
Dei mange som fryda seg over Fosses vesle hundefabel frå i fjor, kan no sjå fram til å lese hans neste hundemanuskript.
kr 179,-
CD med utgangspunkt i prosa-tekstane til Fosse og improvisasjonane til Seglem. Studio-møtet har resultert i eit fortetta og intenst samspel. Hoggande mjuke rytmar og varme ekspressive linjer. Levande ord møter levande tonar. CD`en er ikkje i sal gjennom Samlaget lenger. Derimot kan du kan du kjøpe den ved å klikke her
Nokon kjem til å komme : skodespel
kr 250,-
Ho og Han har kjøpt seg eit hus ut mot havet, der dei vil vere aleine med kjærleiken sin. Men er denne klisjedraumen mogleg? Stykket hadde urpremiere på Det Norske Teatret 26. april 1996. Det er også utgitt på ungarsk og omsett til tysk og fransk.
kr 129,-
Boka inneheld dikta frå samlingane Engel med vatn i augene, Hundens bevegelsar og Hund og engel.
Melancholia I : roman
kr 337,-
Mange ser no på Lars Hertervig (1830-1902) som ein av våre fremste målarar. I samtida blei han sedd på som ein tulling. I denne romanen gir Fosse si framstilling av korleis Hertervig kan tenkjast å ha hatt det den dagen han som kunststudent i Dusseldorf blei kasta ut frå hybelen sin fordi han hadde forelska seg i den unge dottera i huset. Og korleis hadde Hertervig det den morgonen han stakk av frå Gaustad asylet Melancholia I er ein roman om Hertervig, men først og fremst er det stor litteratur.
kr 249,-
I 1994 debuterte Fosse som dramatikar med einaktaren Og aldri skal vi skiljast, og i år følgjer han opp med Namnet. Det handlar om eit ungt par som dreg heim til foreldra hennar fordi dei manglar bustad og ho er høggravid. Dei nye konstellasjonane i foreldreheimen fører til samtalar som viser kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og ta avgjerder. Alt berre skjer. Slik er Namnet eit tragikomisk stykke, heilt realistisk på eitt nivå, stilisert i ei slags mytisk-poetisk kraft på eit anna. Spelet hadde urpremiere til Festspela i Bergen, Den Nationale Scene 27. mai 1995.
Nei å nei
kr 200,-
Fabel om hunden Websterr, som før han blir for gammal, vil dra ut i byen for å sjå sjøen og gå rundt hamna. Websterr lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, som held han så fast, så fast inntil seg.
Prosa frå ein oppvekst
kr 219,-
Prosa frå ein oppvekst er ei kravlaus samling prosatekster. Strålande poenglauste litterære strekteikningar, prega i rørsler utan fakter og bravur, av liv i smerte og latter. - Ei bok alle kunne ha skrive, seier Jon Fosse.
kr 239,-
Det første skodespelet til forfattaren. Stykket inneheld tre roller. Ei kvinne i førtiårsalderen dagdrøymer om mannen i sitt liv. Om han som ikkje er, og som aldri har vore. Stykket vart skrive etter initiativ frå Den Nationale Scene i Bergen og framsynt der våren 1994.
kr 229,-
Lene har vore i kjellaren mange gonger før, men då har allid nokon vore med. Ein dag tjuvlåner ho lommelykta til broren for å gå ned aleine. Men så skjer det noko. Illustrert.
kr 129,-
Liv er 20 år og bur i ein toroms leilegheit aleine med den eittårige sonen sin. Fortid og nåtid blir fletta saman, og historia om einsemda og desperasjonen hos eit ungt menneske kjem fram.
kr 200,-
Boka inneheld 17 forskjellige forteljingar av 14 forskjellige forfattarar. For deg som har lært å lese sjølv. Illustrert.
To forteljingar
kr 259,-
Boka inneheld forteljingane Og så kan hunden komme og Lines hår, to prosastykke med isolasjon, kommunikasjonsproblem og døde hundar som tema.
To forteljingar
kr 259,-
Boka inneheld forteljingane "Og så kan hunden komme" og "Lines hår", to prosastykke med isolasjon, kommunikasjonsproblem og døde hundar som tema.
kr 269,-
Dikta i denne samlinga kan kanskje best karakteriserast som musikalske tekstar om det som lyser for alt som er borte. Den musikalske diksjonen gjer orda gode. Det gjer også den personlege patos, helst sorga og tøyinga mot yttergrensene i eksistensen. Med denne boka fullfører Jon Fosse ein lyrisk trilogi som byrja med Engel med vatn i augene og heldt fram med Hundens bevegelsar.
kr 316,-
Historia om ein journalist som går av flybussen og ser ei herja jente falle over ende - skal han hjelpe henne eller ikkje? Snart er ho installert på hotellrommet hans. Det blir historia om korleis eit liv fort blir endra.
kr 316,-
Historia om ein journalist som går av flybussen og ser ei herja jente falle over ende - skal han hjelpe henne eller ikkje? Snart er ho installert på hotellrommet hans. Det blir historia om korleis eit liv fort blir endra.
Flaskesamlaren
kr 319,-
Heiter hovudpersonen i denne romanen Fredrik eller Bjørn? Er han bygdegut og faren prest, eller er han oppvaksen i ein drabantby og faren no pensjonert anleggsarbeidar? Det er identitetsproblem det gjeld, i ei bok som grip djupt i erkjenninga av det postmoderne subjektets splitting og einsemd.
kr 95,-
Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, sugande stil, enkel og vanskeleg på same tid. I løpet av tre dager utspelar det seg ei trekanthistorie mellom ein eg-person, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død.
Hundens bevegelser
kr 150,-
På sitt intense, insisterande vis maktar forfattaren å gi form og uttrykk både for det tilsynelatande trivielle og for dei fundamentale spørsmåla i tilværet: tid, meining, kroppane, rørslene, språket, forandringa, forsvinninga, togna.
Uendeleg seint
kr 200,-
For denne barneboka blei Nynorsk barnelitteraturpris 1990 delt ut.
kr 157,-
Saman med den kjende svenske biletkunstnaren har Jon Fosse skapt ei unik bok om eit litt uvanleg tema, ein guts tankar om verdsrommet. Kristoffer er åtte år, og om kvelden ligg han og tenkjer på verdsrommet. Sluttar det eller sluttar det ikkje? Det er like mogleg at rommet sluttar som at det ikkje sluttar, kjem Kristoffer fram til. Og når det er slik, kan vel så mykje vere mogleg? Boktittelen spelar både på tenkjaren Kant og på den kanten der guten tenkjer seg verdsrommet sluttar.
Frå telling via showing til writing
kr 300,-
I denne essaysamlinga skriv Fosse sjølv om "språksyn og poetikk", om "forteljar, person og skrivar", om "romantisk modernisme?", om "framandord og litterær skrift", om "ord, tanke og musikk", medan Arild Linneberg har skrive ein innsiktsfullt og forvitneleg etterord.
Naustet
kr 225,-
Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, sugande stil, enkel og vanskeleg på same tid. I løpet av tre dager utspelar det seg ei trekanthistorie mellom ein eg-person, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Det handlar om venskap, kjærleik, sjalusi og død.
Blod : steinen er
kr 289,-
Ei post-modernistisk forteljing, der lesaren møter ein aldrande vestlandsk bygdekjøpmann, og blir stilt overfor eit mord som har skjedd. Eller har det skjedd?
Stengd gitar
kr 300,-
Liv er 20 år og bur i ein toroms leilegheit aleine med den eittårige sonen sin. Fortid og nåtid blir fletta saman, og historia om einsemda og desperasjonen hos eit ungt menneske kjem fram.
Raudt, svart
kr 400,-
Skulkinga, hybelen, vertinna, foreldra, musikken, spelejobbane, jentene... I denne intenst fortetta debutromanen ligg spenninga både på det psykologiske planet og i dei ytre hendingane.

Siste bok

Olavs draumar
kr 299,-

Alida og Asle kom i Andvake til Bjørgvin der ho fødde eit barn.

I Olavs draumar forlet dei byen, men Asle, som no vel å kalla seg for Olav, vil dra attende til Bjørgvin...

Litterære prisar

Den internasjonale Ibsenprisen
Den internasjonale Ibsenprisen 2010.

Medalje tildelt av Benedikt XVI
For deltaking i Møte med kunstnarar i Det sixtinske kapell den 21. november 2009.

Bergen kommune sin kunstnarpris
Bergen kommune sin kunstnarpris for 2009.

Deutscher Jugendliteraturpreis
Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Schwester (Søster).

Svenska Akademiens nordiska pris
Svenska Akademiens nordiska pris for 2007.

Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund
Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund 2006.

Anders Jahres kulturpris
Anders Jahres kulturpris for 2006.

Brages heiderspris
Brages heiderspris for 2005.

Kommandør av St. Olavs Orden
Kommandør av St. Olavs Orden 2005.

Premio UBU
Premio UBU for beste utanlandske stykke 2004 i Italia.

Heddaprisen (Heddas ærespris)
Heddaprisen (Heddas ærespris) for 2003.

Norsk kulturråds ærespris
Norsk kulturråds ærespris 2003.

Nynorsk litteraturpris
For Auge i vind.

Ridder av Den nasjonale fortjenstorden
Ridder av Den nasjonale fortjenstorden (Frankrike) 2003.

Beste utanlandske forfattar, Theater heute
Beste utanlandske forfattar, Theater heute 2002.

Skandinavisk Nationalteaterpris
For Dødsvariasjonar.

Melsom-prisen
For Morgon og kveld.

Heidersmedlem i Det Norske Samlaget
Heidersmedlem i Det Norske Samlaget 2000.

Kultur- og kyrkjedepartementet sin litteraturpris for barne- og undomslitteratur
For Søster.

Nestroy-prisen
Nestroy-prisen for 2000.

Nordisk Teaterunion sin dramatikarpris
For Ein sommars dag.

Doblougprisen
Doblougprisen 1999.

Gyldendalprisen
Gyldendalprisen 1999.

Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund
Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund 1998.

Aschehougprisen
Aschehougprisen for 1997.

Ibsenprisen
For Namnet.

Melsom-prisen
For Melancholia I.

Sunnmørsprisen
For Melancholia I.

Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1994.

Alfred Andersson-Ryssts fond
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1992.

Nynorsk barnebokpris
Nynorsk barnebokpris 1993.

Nynorsk litteraturpris
For Bly og vatn.

Nynorsk barnelitteraturpris
For Uendeleg seint (saman med illustratøren Alf-Kaare Berg).

Kalender
Lansering!   Elin Grimstad debuterer med unik og vakker biletbok
Aktuelt
Får prisen for underhaldande og tankevekkjande romanar
Samlagsbloggen
11.05.2012: 
Noko har skjedd. Noko langsamt og vilja, noko mange har jobba godt og lenge for, bak kulissene og i det opne, og no er eg ei av dei som får hauste fruktene.   Då eg debuterte i 2008, med ungdomsromanen Ingen må vite, fekk eg ikkje vere saman med dei andre debutantane den ...
Samlaget
P.b. 4672 Sofienberg
Jens Bjelkes gate 12
0506 Oslo
Tlf.: 22 70 78 00
E-post: kontakt@samlaget.no