HOVUDSIDE OM SAMLAGET FORFATTARAR NYE BØKER NYHENDE HANDLEHJELP



SKJØNNLITTERATUR BARN OG UNGDOM ALLMENN SAKPROSA FAGBØKER

SKOLEBØKER ORDBØKER/OPPSLAGSVERK TIDSSKRIFT BOKKLUBB

Foto: Herborg Pedersen
Titlar på Samlaget:
Under snøen
(2009)
Lise og Lotte eller omvendt
(2008 - Omsetjar)
Fotball
(2007 - Omsetjar)
1964
(2006)
Fredlaus
(2006)
Bymusikantane i Bremen
(2006 - Omsetjar)
Bø og bæ får besøk
(2006 - Omsetjar)
Brannmenn
(2005 - Omsetjar)
Sjå alle 92 bøker >>
Ragnar Hovland

Kritikerprisen 2006 til Ragnar Hovland for Fredlaus!
Du kan lese meir om tildelinga på kritikerlagets heimesider.

"Når du les ein roman av Ragnar Hovland som det står kriminalroman på, er det heilt garantert noko kriminelt med romanen, men kanskje ikkje akkurat på den måten du forventar. Forfattaren har definert seg sjølv som ein av dei fremste blant 80-talssentimentalistane, men han har ikkje noko sentimentalt forhold til sjangrar og andre litterære vegkart. I dei tjuetals bøkene Hovland har skrive går sorg og glede hand i hand, bøkene for barn og vaksne knyter seg tett saman, det same gjer bøkene innan ulike sjangrar. Grovt sett handlar det alltid om ein gut som er forlatt av foreldra og som sørgjer. Men han blir aldri passiv og sjølvmedlidande, guten klarar av brasane på eit vis. Og det er mykje som skjer får ein kjem dit. I bøkene finst allslags folk, dei fører meisterlege dialogar, tek rotta på kvarandre på ymse måtar, og dei tek heilt sikkert ein tur med bil eller motorsykkel, fortrinnsvis på kronglete vestlandsvegar. Bøkene har referansar til musikk og film, samt litterære heltar som Alice, Hardyguttene og Huck Finn. Det er ikkje alltid lett å halde augene på den vegen forteljinga følgjer når det stadig dukkar opp slike små avstikkarar og sidevegar. For det er gleda over turen som tel i Hovland sine bøker, ikkje kor ein endar opp."
(Brit Bildøen)

Prisar
  • Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris 1980 for Det får stå til
  • Norges Mållags barnebokpris 1981 for Den flygande sykkelen
  • Ein av tre likeverdige vinnarar i Samlagets romankonkurranse 1985
  • Førsteprisvinnar i Eides barnebokkonkurranse 1985 med Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr
  • Noregs Mållags barnebokpris 1986 for Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr Omsetjarpris frå KUD 1989 for Den siste sjørøvaren
  • Melsom-prisen i 1990 for Sjølvmord i Skilpaddekafeen
  • Brageprisen 1992 for Ein motorsykkel i natta
  • Noregs Mållags barnebokpris 1994 for Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen
  • Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1997
  • Kritikarprisen 2001 for Ei vinterreise
  • Nynorsk litteraturpris 2001 for Ei vinterreise
  • Samlagsprisen 2001 for Ei vinterreise
  • Vinjeprisen 2005
  • Kritikarprisen 2006 for Fredlaus

Relaterte artiklar
Hovlandforelesinga (12.06.2009)
Bokfest i Operaen (16.09.2008)
Verdas bokdag 2008 (22.04.2008)
Ragnar Hovland 50 år! (15.04.2002)
synd.no (21.03.2001)
Bø og Bæ (07.02.2000)
"Tida og rommet" (07.02.2000)


 
   
© 2010 Det Norske Samlaget Tlf: 22 70 78 00. Pb 4672 Sofienberg 0506 Oslo. Jens Bjelkes gt 12. Epost: det.norske @ samlaget.no