Jan Roar Leikvoll etterlét seg ei stor mengd ufullenda tekstar. Ein av desse var Forkynnaren. Her møter vi den gamle mannen Hans som vaknar etter eit lengre sjukeleie, overtydd om at han har fått eit kall. Uviss på kva som ventar han, forlét han garden og ror utover fjorden, for aldri meir vende attende. Forkynnaren er ei forteljing om tap, trøyst og forsoning.
Frå glaset ser eg ut på mørkret som fell, eg set meg på kne og støttar olbogane i vindaugskarmen, foldar hender, og eg er eit tre, ein robåt, eg er ein by og eit svaberg, årer som ventar at nokon skal ro, ein mann i svarte og kvite klede på ein benk framfor ein kvit og høg vegg, ei kyrkje.
Jan Roar Leikvoll (1974-2014) hausta strålande kritikkar for sine fire første romanar. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskeleg erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar. Han blei nominert til fleire prisar, og vart tildelt Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.
Meldingar
"[...] en vakker liten bok som oppleves komplett, og de som elsker Leikvoll for hans mørke, vil få seg en overraskelse når de ser denne siden ved ham."
Fartein Horgar, Adresseavisen
[...] en vakker liten fortelling er det blitt. Boken minner ikke så rent lite om noe av det vakreste Jon Fosse har skrevet, nemlig romanen "Morgon og kveld"."
Anne Cathrine Straume, NRK Bok
"Når vi snakkar om Gud i samtidslitteraturen, er Leikvolls posthume roman eitt av dei vakraste og mest interessante døma."
Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land
Bla-i-boka
Jan Roar Leikvoll
Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.
Bjørnsonstipendet 2011 Bokhandelens forfattarstipend 2013 Stipend på 200 000,-
Nynorsk Litteraturpris 2010
For Fiolinane
STIG SÆTERBAKKENS MINNEPRIS 2013
Samlagsprisen 2014
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2010
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO