Min beste venn kjem for å gi meg juling

«Eg trur ikkje på tid. Eg trur ikkje tid finst som fenomen. Eg har aldri sett teikn eller høyrt prov på at tid eksisterar»

Erlend Flornes Skaret er sivilingeniør med ei sterk trong til å skrive. Han har gitt ut tre kritikarroste romanar tidlegare og er no aktuell med Caninevangelium.

Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke. Han trur ikkje på tid og rom, og han trur ikkje på begynningar og sluttar, men prøver likevel å sirkle seg inn på omstenda som har ført fram til at Kornelius no snart skal ringe på døra hans. Refleksjonane hans må like fullt snart vike for dei harde realitetane som innhentar han i eit svært fysisk her og no.

En forfatter som tenker dypt og skriver lett.

Fartein Horgar, Adresseavisen

Ein interessant forfatterskap.

Eskil Skjeldal, Dag og Tid

Sagt om forfattarens tidlegare bøker: 

"Elegant skrivekunst [... ] en stilsikkerhet uvanlig blant debutanter. Man kunne sitert vilkårlig fra nær sagt hvor som helst i boken, og det siterte ville båret bud om en forfatter som tenker dypt og skriver lett. 

- Fartein Horgar, Adresseavisen 

"Skaret skriv essayistisk nesten like godt som Solstad, og han har Knausgårds varleik for omgjevnadane [...] Alt i alt vitnar dette om ein interessant forfattarskap."

- Eskil Skjeldal, Dag og Tid 

"Wroclaw er ein mogen, utfordrande debutroman som imponerer." 

- Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad


Sigri Sandberg (Foto: privat)

Eg stod ved stovevindauget og kikka ut då eg såg min beste venn komme for å gi meg juling. Han hadde med seg hunden sin, den amerikanske staffordshire terrieren Carp, Carpe eller Carpe Diem, som han eigentleg heitte. Ute var lyset flatt. Det berre slo meg. Sjølv om eg ikkje riktig visste kva det betydde. Det var definitivt utan innslag av utildekt sollys. Det var definitivt bleikt og svakt. Det herska ei generell fargeløyse. Eit inntrykk av at fargane også hadde frose til og stivna i kulda. Om natta hadde det visst vore minus fem. Dagen før hadde eg fått ein telefon. Det vil seie, eg hadde ikkje fått den, men av grunnar eg ikkje lenger kunne sette fingeren på, oppførte eg meg ei stund som om det skulle ringe. Deretter oppførte eg meg som om det hadde ringt. Når alt kom til alt: Kva var eigentleg forskjellen? Når konsekvensen uansett var at eg tok stilling til spørsmål som Korleis går det? Korleis har du det i Steyr? Jo. Bra. Fint.

Lanseringsvideo for Caninevangelium

Trykk på bilde for å sjå lanseringsvideoen til Caninevangelium. 

Erlend Flornes Skaret: Caninevangelium

Jon står i vindauget og ser Guttmann Kornelius, hans einaste venn i Steyr i Austerrike, komme for å jule han opp. Jon kan tenke seg fleire relaterte grunnar til at han no er i denne situasjonen, kanskje først og fremst ei misforståing omkring avtalen om å vatne yuccapalmen til Kornelius. Men for Jon har ikkje situasjonar noko tydeleg startpunkt eller noka enkel årsaksrekke. Han trur ikkje på tid og rom, og han trur ikkje på begynningar og sluttar, men prøver likevel å sirkle seg inn på omstenda som har ført fram til at Kornelius no snart skal ringe på døra hans. Refleksjonane hans må like fullt snart vike for dei harde realitetane som innhentar han i eit svært fysisk her og no.

Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte til begeistra kritikkar i 2011 med romanen Wrocław, og har også skrive romanane Lucida (2013) og Nomade (2016). Caninevangelium er den fjerde romanen hans.