Fotball, krokodillar og karneval - eit intervju med debutant Thoralf Fagertun

Thoralf Fagertun er ein blid mann frå Meløy i Nordland. I haust debuterer han som barnebokforfattar med den elleville boka Familien Gnork, ei bok om jungelmedisin, klysegutar og verdas viktigaste fotballkamp!

Gratulerer med debutboka, Thoralf! Kan du fortelje om Familien Gnork? Kva handlar ho om? 

Ho handlar om Tom. Han saknar bestekompisen Martin, som ligg på sjukehuset med ein eller annan forferdeleg sjukdom. Saman skulle dei to spele ein ekstremt viktig fotballkamp mot erkerivalen Preben, ein ekkel, rik fyr, som òg er ein kjempegod fotballspelar. Men Martin er endå betre, og Tom fryktar at dei ikkje kan vinne kampen utan han. Så byrjar ein ny gut i klassen til Tom, ein snodig kar som heiter Kompis Gnork. Gjennom Kompis blir Tom kjend med familien Gnork, som kjem frå jungelen. Etter kvart får Tom gjort ein bytehandel med familien Gnork. Dei lagar ein naturmedisin som kan få Martin frisk til fotballkampen, medan Tom må gjere noko ganske kriminelt til gjengjeld. Eg skal ikkje avsløre noko, men det skjer ein del absurde ting når Kompis og Tom testar ut medisinen. Det går hardt ut over både menneske, dyr og eigedom. Familien Gnork er også ei historie om hemn, men ikkje for heftig, berre litt Kose-Tarantino for kidsa. 

Sigri Sandberg (Foto: privat)



Korleis fekk du ideen til Familien Gnork? 

Ideen kom til meg då eg eg budde i rekkehus. Det var rekkehus så langt auga kunne sjå, og alle familiane var heilt like. Dei hadde åtte til fire-jobb, stasjonsvogn og verv i det lokale idrettslaget. Eg byrja å fantasere om korleis det ville ha vore om ein heilt annleis familie hadde flytta til eit slikt nabolag. Den familien blei etter kvart til familien Gnork. Eg har kosa meg mykje med tanken på nokon som oppfører seg heilt feil i forhold til alle dei usagde reglane som gjeld i eit slikt nabolag og på andre arenaer i samfunnet.










Det er ein fin balanse mellom leik og alvor i Familien Gnork, og latter er som kjent den beste medisin, det er særleg sant for Martin som ligg på sjukehuset. Vi treng kanskje meir latter? 

Ja, eg har eigentleg ei kjensle av det. Litt meir latter og leik. Og meir lys, sommarblome og kattungar. Det er kanskje det som er det litterære programmet mitt, om eg har noko. Særleg i kombinasjon med fridommen som barnelitteratur ber i seg. Då eg vaks opp, las eg mykje Tove Jansson og Roald Dahl. Eg hugsar særleg i Farlig midtsommer, der Snusmumrikken gjekk rundt i ein park og røska opp forbodsskilt. «I hele sitt liv hadde Snusmumrikken lengtet etter å få rive ned skilt som forbød ham å gjøre alt det han hadde lyst til», står det i boka. Og akkurat denne scena fangar sjølve essensen i barnelitteratur for meg. Det er så mange reglar, og kanskje særleg for barn, men i litteraturen kan du gjere akkurat det du har lyst til. Her passar familien Gnork godt inn. Dei bryr seg lite om reglar og normer. Og har for så vidt eit avslappa forhold til naturlovar også. 

 

Du har allereie nemnt at du las Tove Jansson og Roald Dahl, var det elles nokre bøker som gjorde sterkt inntrykk på deg då du var ung? Eller som har inspirert deg i arbeidet ditt?

Eg har studert litteratur og lese mykje rart, men dei beste lesaropplevingane har eg frå barnelitteraturen. Det suser i sivet er ei bok eg hugsar godt og sjølvsagt Mio, min Mio. Men Tove Jansson og Roald Dahl har eit ekstra element som eg er ekstra glad i, og det er den rampete, groteske humoren. I Mummipappa på eventyr treffer dei på nappetassane som kidnappar Hemulen si tante, og vi lesarar får ikkje vite om dei faktisk kjem til å ete nasen hennar, men vi får vite at dei er truande til det. Dessutan blir Mummipappa kjend med verdas største dyr – dronten Edvard – som frå tid til anna set seg på folk, men er snill nok til å betale gravferda deira. Og når det gjeld Roald Dahl, veit vi jo at han ikkje har bremsar i det heile tatt. Her kan ungar bli etne eller gjorde om til mus. Denne lett groteske galskapen gjorde usletteleg inntrykk på meg som barn. Det var gøy då, og det er gøy no. Ein slik litteratur har noko av karnevalet i seg, der alt blir snudd på hovudet og det groteske får ein framståande plass. Slik likar eg å få min barnelitteratur servert, og slik likar eg å skrive han sjølv. God barnelitteratur er karneval mellom to permar. Så kan eg sjølvsagt skrive tusen bøker utan å kome i nærleiken av Jansson og Dahl, men det er artig å herje rundt i noko av det same landskapet. 



Det oppstår mykje magi i den enkle leiken, og ikkje minst på fotballbanen. Medan Preben har eit heilt eige rom til alle leikene sine, har gullsko, eige badebasseng og får alt han peiker på. Men han har kanskje ikkje så mange vener? 

Sei ikkje det. Eg trur ikkje du treng å vere spesielt snill for å ha vener. Men venskap er heldigvis gratis, og utgangspunktet for historia er venskapet mellom Tom og Martin. For Tom handlar det om å plutseleg stå utan venen sin. Kva er dagen eigentleg verd då? Vener er ein enormt viktig del av livet, særleg i denne alderen, og Tom er villig til å gå langt for å få bestekompisen tilbake. Og så er det jo kanskje nokre gram moral i det faktum at den beste fotballspelaren ikkje nødvendigvis er den med dei dyraste skoa.   


Sigri Sandberg (Foto: privat)

Boka er illustrert av Line Halsnes. Såg du for deg at dette kom til å bli ei illustrert bok då du byrja å skrive?

Ja, heile tida. Og det er inga hemmelegheit at vi prata om Quentin Blake, mannen som illustrerte bøkene til Roald Dahl. Og så fekk vi Line med, som har eit stort register og ein strek med same energi som Blake sin. Kort tid etter at ho hadde sagt ja, blei Line nominert til Brageprisen, og ikkje lenge etter vann ho KUD-prisen. Det er stort for ein debutant å jobbe med ein så dyktig illustratør! Å sjå korleis ho omsette dei rare tankane mine til illustrasjonar og gav karakterane liv og personlegdom, er utan tvil noko av det kulaste eg har vore med på. 


Får vi lese meir om familien Gnork, eller er det andre snodige karakterar vi lesarar skal bli kjende med i framtida?

Det som er gøy med familien Gnork, er å sette dei i kvardagslege situasjonar og sjå kor gale det kan gå. Det var mange scener som ikkje fekk plass i boka, og det finst mange fleire arenaer å plassere dei inn i. I barneidretten, til dømes, der er det mange festlege fallgruver for ein gjeng som familien Gnork. Vi får sjå. Elles har eg hovudet fullt av karakterar og historier, så eg håpar eg får sjansen til å skrive fleire bøker. 


Er barn for lite rampete om dagen, eller er det ikkje rom for det i ein elles regulert kvardag?

Eg ser heilt klart tendensar til det, eg har jo ungar sjølv. Sjølv er eg veldig glad for at ingen visste kva vi heldt på med då vi var små. Eg er redd for å avsløre noko her viss det har tilbakeverkande juridisk kraft. Men vi var mykje ute på eventyr, og det unner eg òg dagens ungar. Ein treng ikkje å ta omsyn til alle forbodsskilta heile tida. 



Thoralf Fagertun og Line Halsnes (ill.) Familien Gnork

Tom saknar bestevenen Martin, som ligg på halvdaud på sjukehuset. Saman skulle dei vunne den superviktige fotballkampen mot den erkefienden Preben og laget hans. Når familien Gnork flyttar til byen, blir håpet tent. For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, lagar dei ein heidundrande naturmedisin som skal gjere Martin kampklar og vel så det. I forsøket på å lage medisinen må både krokodiller, kattar og kvalar til pers som prøvekaninar, noko som får dei raraste ting til å skje. Og i skuggane lurer Preben med skumle planar..,


Frå 9-12 år