HOVUDSIDE OM SAMLAGET FORFATTARAR NYE BØKER NYHENDE HANDLEHJELP



SKJØNNLITTERATUR BARN OG UNGDOM ALLMENN SAKPROSA FAGBØKER

SKOLEBØKER ORDBØKER/OPPSLAGSVERK TIDSSKRIFT BOKKLUBB












Fildelingsdebatt med Cory Doctorow

Samlaget inviterer til debatt om fildeling med bokaktuelle Cory Doctorow, ein av dei fremste tenkjarane når det gjeld internett og ny teknologi.

Litteraturhuset i Oslo, måndag, 14. september 2009 kl. 19.00 (Wergeland)

Veslebror ser deg (Little Brother) vart i 2008 kåra til årets beste ungdomsbok av New York Times. Forfattaren av boka, Cory Doctorow, er bloggar, teknologiaktivist og spaltist i The Guardian. Når han publiserer bøker gjer han dei samtidig gratis tilgjengelege på nettet.

Norske kunstnarar har nettopp demonstrert framfor Stortinget mot gratis fildeling. Korleis kan Doctorow som forfattar vere for ei slik løysing? På kva måte meiner han det tenar forfattarar å dele åndsverk gratis på nettet? Kva med de kreative kunstnaranes økonomiske vilkår? Som ein av dei fremste tenkjarane når det gjeld nett og ny teknologi kjem Doctorow med viktige innspel i norsk offentligheit.

Martin Grüner Larsen, journalist i Klassekampens Bokmagasin vil leie debatten.

Deltakarar, forutan Cory Doctorow:
  • Eirik Newth - astrofysikar, foredragshaldar og forfattar
  • Bjarne Buset - informasjonssjef i Gyldendal forlag
  • Bente Karlsnes – har jobba som frilansjournalist og er no kommunikasjonsrådgivar i internettselskapet Origo.no

Møt Cory Doctorow på Litteraturhuset i debatt om fildeling. Foto: CC-BY-SA, Patrick H. Lauke
Meir om boka:
"Ein underhaldande thriller og gjennomtenkt polemikk om borgarettar i internett-tidsalderen. Herleg lesnad" New York Times

"Cory Doctorows roman kunne ikkje ha vore meir relevant, skremmande og augeopnande! Seriøst underhaldande" The Times

"Eg vil anbefale Veslebror ser deg framfor stort sett alle andre bøker eg har lese i år. Fordi eg trur denne boka kjem til å endre liv. Det er ei fantastisk og viktig bok". Neil Gaiman


Årets ungdomsbok på norsk
Marcus Yallow er hackar og rollespelnerd, og ein som stadig tullar med overvakingssystemet på skolen der han går. Bay Bridge i San Francisco blir sprengd i lufta, og Marcus og vennene hans er på feil stad til feil tid. Dei blir pågripne av Tryggleiksdepartementet, som mistenkjer Marcus for å vere involvert i terroråtaket. Då startar den vanskelege kampen mellom David og Goliat: Kan Marcus og vennene vinne over styresmaktene?

Dette er ein spenningsroman som er vanskeleg å leggje frå seg, ein roman om den nære framtida, med trøkk og aktualitet. Då boka kom ut i USA våren 2008, gjekk ho rett inn på New York Times’ bestseljarliste, og ho vart ved slutten av året halden fram som ein av dei aller beste romanane i 2008 av same avisa. Boka er til no seld til ei rekkje land.

Boka er omsett frå engelsk ved Øystein Vidnes.


Les meir om "Veslebror ser deg" her




Relaterte forfattarar
Cory Doctorow
   
© 2010 Det Norske Samlaget Tlf: 22 70 78 00. Pb 4672 Sofienberg 0506 Oslo. Jens Bjelkes gt 12. Epost: det.norske @ samlaget.no